Aberdour
Utsjånad
| Aberdour | |||
| Obar Dobhair Aiberdour | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Fife | ||
| Folketal | 1 710 (2016) | ||
| Postnummer | KY3 0xx | ||
| Retningsnummer | 0 01383 86 | ||
![]() Aberdour 56°03′10″N 3°18′08″W / 56.0528°N 3.3021°W | |||
| Wikimedia Commons: Aberdour | |||
Aberdour[a] er ein landsby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 1 700 innbyggjarar og ligg ved Firth of Forth, omkring 28 km vest for Edinburgh.
Landsbyen har gode badehøve, ruinane av eit slott og ei gammal kyrkje med normanniske arbeid.
Omkring 5 km sørvest for Aberdour står Donibristle House, setet for jarlen av Moray. Huset er særleg kjent for at ein av jarlane vart myrda der 7. februar 1592.
Øya Inchholm inngår i soknet Aberdour.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ skotsk-gælisk Obar Dobhair, skotsk Aiberdour
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aberdour» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.
