close
Hopp til innhald

Bird of Pray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Bird of Pray»
Song av Ziferblat

Land Ukraina
Språk Ukrainsk, engelsk
Utgjeve 24. januar 2025
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 03:00
Selskap Geisha Ninja Samurai
Låtskrivar(ar) Valentyn Lesjtsjynskyj, Danyjil Lesjtsjynskyj, Fedir Khodakov

«Bird of Pray» er ein song av det ukrainske alternative rockebandet Ziferblat. Songen er skriven av bandmedlemmene Valentyn Lesjtsjynskyj, Danyjil Lesjtsjynskyj og Fedir Khodakov, med Ziferblat sjølve som produsentar. Songen vart gjeven ut 24. januar 2025 og var det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2025. Skriven av heile bandet skildrar songen skiljet mellom ukrainske borgarar som er delte av den russiske invasjonen av Ukraina. Songen enda på niandeplass i tevlinga med 218 poeng.

Bakgrunn og komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Ziferblat under fotoseansen på Preparty 2025 i Madrid «Bird of Pray» vart skriven av tvillingbrørne Danyjil og Valentin Lesjtsjynskyj og Fedir Khodakov, som alle er medlemmar av gruppa Ziferblat. Dei fortalde at bandet «ville gjere noko nytt», og at dei ønskte å vise eit stort publikum kor godt dei kjenner ukrainsk tradisjonsmusikk. Dei samanlikna songen sin med musikken til Queen og The Beatles.[2] Valentin byrja å skrive songen i juni 2024 med akustisk gitar. Etter at musikken var ferdig komponert, skreiv han teksten, der han såg føre seg ein fugl som kom til han. Etter kvart hjelpte heile bandet til med å fullføre songen.[3]

Songen tek for seg skiljet mellom ukrainske sivile som har vorte delte av den russiske invasjonen av Ukraina. «Fuglen» i tittelen representerer den utrygge forbindelsen mellom dei som er skilde av invasjonen, noko som gjer at songen heiter «Bird of Pray» i staden for «Bird of Prey». Teksten inneheld både ukrainske og engelske delar og symboliserer fridom, noko som kjem fram i refrenget: «And I call you / Fly / Bird / I'm begging you / Begging you please just / live / share.»

Songen var meint å vidareføre temaet frå bidraget deira i den ukrainske Eurovision-utveljinga i 2024, «Place I Call Home».[2] I eit intervju med ESCBubble la Valentyn til at songen viser kjærleik til heimlandet og ønsket om å dele det med andre, samstundes som han avdekkjer realitetane ukrainarar møter i kvardagen.[4] Eva Frantz i Yle kalla songen ei blanding av progrock, rock, musikkteater og vokalharmoniar med «1970-tals-vibbar».[1] Etter å ha vunne Vidbir valde Ziferblat å fornye songen endå ein gong før Eurovision. Dei la til orkestrale delar i refrenget og gjorde refrenget lettare. Valeria Gazjala frå Television News Service skildra sporet som meir storslått etter omarbeidinga.[5]

Musikkvideo og promotering

[endre | endre wikiteksten]
Ziferblat under Preparty 2025 i Madrid.

Den 23. januar 2025 gav Ziferblat ut musikkvideoen til «Bird of Pray». Songen fekk over 100 000 avspelingar i løpet av dei første 16 timane. Regissør var Ilja Dutsyk, og ifølgje Novyj Kanal «dreg» musikkvideoen sjåaren inn mellom to parallelle plan: det første er minne om heimstaden, som vekkjer ei blanding av «glede og sorg», medan det andre er ei søking etter heim.[6]

I april samarbeidde Ziferblat med den humanitære Serhij Prytula-stiftinga for å samle inn pengar til innkjøp av utstyr til humanitær minerydding.[7] Den 18. og 19. april opptredde dei på Pre-Party ES.[8] Den 25. april framførte Ziferblat songen under Eurovision in Concert – skildra som den største promoturnékonserten for Eurovision – i Amsterdam. 30 av dei 37 deltakarlanda i tevlinga var representerte på konserten. Under talen sin nemnde dei eit missilangrep på Kryvyj Rih.[9]

Kritisk mottaking

[endre | endre wikiteksten]

Eva Frantz i Yle gav songen karakteren 9 av 10 og uttala at Ukraina «klarer å framheve» den øydelagde situasjonen sin utan å «openbert fiske etter sympati­poeng».[1] Redaksjonen i Wiwibloggs gav «Bird of Pray» snittkarakteren 5,93, basert på vurderingar frå 17 meldarar. Nokre meldarar roste songen og trekte fram den «vakre og mystiske» tonen i harmoniane med bakgrunnsvokalen. Dei la òg til at songen heldt seg unik og var fylt med «politiske undertonar». Samstundes peikte andre meldarar på ein «mispass» mellom dei harmoniske versa og dei andre delane av songen, og meinte han mangla «musikalsk spenning»[10] Av dei 37 Eurovision-bidraga vart songen rangert på 23. plass av Wiwibloggs-redaksjonen.[11]

Mark Savage i BBC skreiv at songen forlenga Ukraina si «oppsiktsvekkjande rekkje av bidrag med høg kvalitet» og samanlikna komposisjonen med musikken til 1970-talsbandet The Cars. Han la til at teksten var «full av håp» om ei gjenforeining med ukrainarane sine kjære.[12] Glen Weldon i NPR meinte songen var fascinerande, men skildra han som «seks ulike songar pressa saman», og la til at TV-sjåarane truleg ikkje ville «hekte seg på han» ved første gjennomlytting.[13]

Jon O’Brien i Vulture rangerte «Bird of Pray» på 20. plass av 37 bidrag i Eurovision 2025 og meinte at 1970-tals glamrock-uttrykket og dei skingrande vokalane neppe ville skape sterk emosjonell kontakt. Han la òg til at songen truleg ikkje ville ha kvalifisert dersom han hadde blitt framført av andre land.[14] Angelica Frey i The Guardian plasserte songen blant dei ti beste bidraga i 2025-utgåva av songtevlinga og skreiv at han balanserer ei rekkje element, særleg eit heilkvinnelig kor, rocka anthem-preg og det teatralske uttrykket til Danilo. Ho la vidare til at teksten gir ein «dyster» kontrast til musikken.[15]

Rob Picheta i CNN rangerte songen som nummer 12 av 26 deltakarar i finalen og skildra bidraget som «dristig», medan kostyma vart omtala som «rein glamrock». Vidare skreiv Picheta at melodiane fyk rundt og «aldri heilt endar der ein ventar det».[16] Nemo, vinnaren av Eurovision Song Contest 2024, plasserte songen blant sine fem favorittar i 2025-konkurransen og uttala at han var musikalsk interessant, samstundes som han var «svært dristig og modig».[16][17]

Eurovision Song Contest 2025

[endre | endre wikiteksten]

Vidbir 2025

[endre | endre wikiteksten]

Vidbir 2025 var den niande utgåva av Vidbir, konkurransen som valde det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Tevlinga bestod av ein finale som fann stad 8. februar 2025 i Kyiv.[18][19] Utveljinga av bidrag til den nasjonale finalen, og til slutt Ukrainas Eurovision-bidrag, gjekk føre seg i tre fasar. I den første fasen kunne artistar og låtskrivarar melde seg på konkurransen gjennom eit digitalt søknadsskjema. Tjue bidrag vart plukka ut til ei langliste og kunngjorde 11. desember 2024.[20] Den andre fasen innebar at artistane på langlista møtte til planlagde auditionar. Opptil ni bidrag vart valde vidare, medan eitt ekstra bidrag vart valt gjennom ei nettbasert utveljing.[21] Den tredje fasen var den TV-sende finalen, som fann stad i februar 2025, der artistane konkurrerte om å representere Ukraina i Basel.

Vinnaren vart kåra gjennom ei kombinasjon av folkeavrøysting og poeng frå ei ekspertjury, der juryen sjølv vart vald av publikum.[22] Etter å ha kome vidare frå den innleiande utveljinga,[20][23] vart Ziferblat stadfesta som ein av dei ti finalistane med songen «Bird of Pray» den 20. desember 2024.[24][25] Songen vart framført i konkurransen 8. februar 2025, og den samla poengsummen frå publikum og jury kåra bidraget til vinnar og nasjonal representant for Ukraina i Eurovision i Basel, med totalt 19 poeng.[26][27]

I Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits, og bestod av to semifinalar 13. og 15. mai og ein finale 17. mai 2025.[28] Under semifinaletrekkinga 28. januar 2025 vart Ukraina trekt til å konkurrere i den første semifinalen, der dei skulle opptre i første halvdel av programmet.[29] Dei vart seinare tildelte startnummer fem i semifinalen.[30] Iscenesetjinga vart regissert av Marija Korostelova, medan kostyma var designa av den ukrainske designaren Ivan Frolov.[31]

Ziferblat opptrer i Eurovision Song Contest.

Ziferblat gjorde fleire vesentlege endringar i iscenesetjinga samanlikna med Vidbir-framføringa. Det vart gjennomført intensive øvingar, både fysisk og digitalt, for å løyse logistiske utfordringar knytte til at delar av teamet oppheldt seg utanfor Ukraina.[31] Ein av koristane var Khrystyna Starykova, som òg deltok i Vidbir 2025.[32] Framføringa vart skildra som retroinspirert: bada i mjukt rosa lys, der eit par gigantiske venger breidde seg ut mot klimakset.[31] LED-veggane viste rosa og grøne grafiske element som var synkroniserte med musikken.[33]

Kostyma følgde same stil, med rosa, blå og turkise fargar for Ziferblat, medan koristane bar gullfarga buksedressar. Totalt stod tre bandmedlemmar og tre koristar på scena.[34] Då framføringa var over, braut publikum i arenaen ut i jubel, ifølgje Television News Service.[35] Ziferblat enda på førsteplass i den første semifinalen med 137 poeng og kvalifiserte seg dermed til finalen.[36][37]

Alexandra Koster i Special Broadcasting Service (SBS) uttala at det «bokstaveleg talt ser ut som om nokon har smurt eit lag vaselin over kameralinsa», og la til at favorittdelen hennar var dei svarte bileta, som «fekk meg til å tru at eg hadde straumbrot».[38] Carlos Marcos i El País skildra songen, på spansk, som «verdig syttitalets duftar» og konkluderte med at deltakinga var «fortenestefull».[39] Neil McCormick i The Daily Telegraph kalla songen «endå ein overraskande munter krigssone-anthem», og samanlikna antrekka deira med «ei av dei venlege framandrase­ne som Doctor Who-helten pleidde å verne mot invasjonar» på 1970-talet, med avgrensa budsjett.[40] Will Hodgkinson i The Times samanlikna Ziferblat med ein «blond gullgut, tydeleg alveliknande på Ringdrotten-vis», og la til at fleire «himmelrøysta, linblonde» kvinner vart henta inn for å støtte han, «slik kvar alv bør ha».[41]

I finalen 17. mai opptredde Ukraina som nummer sju, etter Melody frå Spania og før Remember Monday frå Storbritannia, med ei gjentaking av semifinaleframføringa.[42] Etter at resultata vart kunngjorde, enda bandet på niandeplass med totalt 218 poeng: 60 frå juryane og 158 frå publikum.[43] Den høgaste plasseringa landet fekk i juryvurderinga var førsteplass utan å få 12-poengarar; den høgaste poengsummen landet mottok var åtte poeng frå Aserbajdsjan og Portugal. I folkeavrøystinga fekk Ukraina 12 poeng frå tre land: Tsjekkia, Israel og Polen.[44]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2025) Høgaste
plassering
Litauen (AGATA)[45] 15
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[46] 7
Ukraina (FDR Media Ukraine Top 20)[47] 16
Ukraina Airplay (TopHit)[48] 34
  1. 1 2 3 Frantz, Eva (5. april 2025). «Ranking: Här är alla 37 bidrag i årets Eurovision Song Contest» (på svensk). Yle. Henta 9. april 2025.
  2. 1 2 Veen, Renske ten (3. februar 2025). «"Come back, come back to home" – Ziferblat sing for Ukrainians separated by war in "Bird of Pray" lyrics». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 25. november 2025.
  3. Solo, Guy (8. april 2025). «"We'll Have Something Huge in Basel": Ziferblat Speak to Euromix in an Exclusive Interview! - Eurovision». EuroMix (på engelsk). Henta 25. november 2025.
  4. Juhász, Ervin (4. februar 2025). «Ziferblat: 'Bird Of Pray' is about love for one's land and the desire to share it with others». ESCBubble (på engelsk). Henta 25. november 2025.
  5. Gazhala, Valeriya (10. mars 2025). «Євробачення-2025 - гурт Ziferblat оновив конкурсну пісню Bird of Pray: відео». TCN (på ukrainsk). Henta 26. november 2025.
  6. «Ziferblat дропнули кліп на пісню Bird of Pray, яка бʼє рекорди серед прослуховувань у мережі | Новий канал». Novyj Kanal (på ukrainsk). 24. januar 2025. Henta 27. november 2025.
  7. Євробачення, Суспільне (4. april 2025). «Суспільне Мовлення підтримало збір гурту Ziferblat на гуманітарне розмінування». Євробачення 2026 (på ukrainsk). Henta 27. november 2025.
  8. Євробачення, Суспільне (21. april 2025). «Ziferblat виступив на концерті до Євробачення PrePartyES 2025 - Без категорії». Євробачення 2026 (på ukrainsk). Henta 27. november 2025.
  9. Мовлення, Суспільне (7. april 2025). «Євробачення-2025: Ziferblat виступив на наймасштабнішому промоконцерті в Амстердамі». Корпоративний Сайт Суспільного (på ukrainsk). Henta 27. november 2025.
  10. «Wiwi Jury: Ukraine's Ziferblat with "Bird of Pray"». Wiwibloggs (på engelsk). 14. april 2025. Henta 27. november 2025.
  11. Vautrey, Jonathan (13. april 2025). «Eurovision 2025: Reviews and rankings by the Wiwi Jury». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. november 2025.
  12. Savage, Mark (10. mai 2025). «Magic spells, innuendo and riddles: Your guide to all 37 Eurovision songs». BBC (på engelsk). Henta 27. november 2025.
  13. Weldon, Glen (15. mai 2025). «The 10 best songs of Eurovision 2025 — and their chances to win». NPR (på engelsk). Henta 28. november 2025.
  14. O'Brien, Jon (13. mai 2025). «Every 2025 Eurovision Entry, Ranked». Vulture (på engelsk). Henta 28. november 2025.
  15. Frey, Angelica (13. mai 2025). «Sauna fiends, space dogs and Jesus Christ Superstar: it's the 10 best Eurovision songs of 2025!». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 28. november 2025.
  16. 1 2 Picheta, Rob (16. mai 2025). «The good, the bad and the raunchy: Every song at Eurovision, ranked from worst to first». CNN (på engelsk). Henta 28. november 2025.
  17. Granger, Anthony (7. mai 2025). «🇨🇭 Switzerland: Eurovision Winner Nemo Reveals Their 2025 Favourites». Eurovoix (på engelsk). Henta 28. november 2025.
  18. «Ukraine 2025: 'Vidbir' returns, with a public vote to finalise the lineup». Eurovision. European Broadcasting Union (EBU). 17. september 2024. Henta 16. desember 2024.
  19. Veen, Renske ten (13. november 2024). «Ukraine: Polina Dashkova, Ziferblat and ENLEO among the acts submitting Vidbir 2025 bids». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 20. desember 2024.
  20. 1 2 «Суспільне оголосило лонглист Нацвідбору-2025» [Suspilne announced the longlist of the National Selection 2025]. Suspilne (på ukrainsk). 11. desember 2024. Henta 16. desember 2024.
  21. «Ukraine: Vidbir 2025 Lineup Revealed!». ESC United. 12. desember 2024. Henta 16. desember 2024.
  22. 2_8y, Adeuua7uy7hw72 (17. september 2024). «ПРАВИЛА національного відбору на участь у Пісенному конкурсі Євробачення – 2025 -» [Rules for the national selection to participate in the Eurovision Song Contest 2025]. Євробачення 2024 (på ukrainsk). Henta 16. desember 2024.
  23. «Нацвідбір на Євробачення: Суспільне отримало майже 400 заявок». Suspilne (på ukrainsk). 12 November 2024. Henta 12. desember 2024.
  24. «Євробачення-2025: Суспільне розпочинає приймання заявок на участь у Нацвідборі - Головні новини». Eurovision (på ukrainsk). 17. september 2024. Henta 12. desember 2024.
  25. Andersson, Rafaell (20. desember 2024). «Ukraine: Nine Finalists Selected for Vidbir 2025». Eurovoix. Henta 20. desember 2024.
  26. Grace, Emily (8. februar 2025). «Ukraine: Ziferblat To Eurovision 2025». Eurovoix. Henta 8. februar 2025.
  27. «Ukraine 2025: It's "Vidbir" winner Ziferblat to Basel». Eurovision. 8. februar 2025. Henta 8. februar 2025.
  28. «Basel will host Eurovision Song Contest 2025». Eurovision. European Broadcasting Union. 30. august 2024. Henta 28. januar 2025.
  29. «Eurovision 2025: Semi-Final Draw Results». Eurovision (Press release). European Broadcasting Union. 28. januar 2025. Henta 29. januar 2025.
  30. «Eurovision 2025: Semi-Final running order revealed...with Cyprus and Finland closing their shows». Wiwibloggs (på engelsk). 27. mars 2025. Henta 27. november 2025.
  31. 1 2 3 Didkovska, Mariia. «Ukraine Reaches Eurovision 2025 Final with Ziferblat's "Bird of Pray"». The Gaze (på engelsk). Henta 27. november 2025.
  32. Луценко, Євгенія (17. mai 2025). «Ziferblat виступив у фіналі "Євробачення-2025": як це було — фото та відео». Suspilne (på ukrainsk). Henta 28. november 2025.
  33. Vautrey, Jonathan (2. mai 2025). «Live in Basel: Eurovision 2025 rehearsals — Day 1 (Saturday 3 May)». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. november 2025.
  34. Solo, Guy (29. mars 2025). «Ukraine: Ziferblat Reveals Dramatic Changes to Their Eurovision Performance! - Eurovision». EuroMix (på engelsk). Henta 27. november 2025.
  35. «"Eurovision-2025": Ukraine moved audiences to tears with a performance symbolizing resilience». TCH (på engelsk). 13. mai 2025. Henta 27. november 2025.
  36. «Eurovision 2025 Semi-Final results: Ukraine and Israel won their shows». Wiwibloggs (på engelsk). 18. mai 2025. Henta 28. november 2025.
  37. «Ukraine's Ziferblat Qualifies for Eurovision 2025 Final - Oj». Odessa Journal (på engelsk). Henta 28. november 2025.
  38. Bahr, Jessica; Koster, Alexandra (18. mai 2025). «Austria's JJ wins 2025 Eurovision Song Contest - as it happened». SBS News (på engelsk). Henta 29. november 2025.
  39. Marcos, Carlos; Marcos, Natalia; Martínez, Héctor Llanos (17. mai 2025). «Resultados de Eurovisión 2025 | Gana Austria, seguida de Israel y Melody le da a España el antepenúltimo puesto». El País (på spansk). Henta 29. november 2025. «Una canción digna de aromas setenteros, a la que quizá le sobre la intervención de la segunda voz, la femenina. En cualquier caso, un tema meritorio el que representa a Ucrania.»
  40. McCornick, Neil; Swain, Marianka (17. mai 2025). «Eurovision 2025 final live: Austria and JJ win, Israel finish second – all the highlights». The Daily Telegraph (på engelsk). Arkivert frå originalen 20. juni 2025. Henta 29. november 2025.
  41. Hodgkinson, Will (13. mai 2025). «Eurovision 2025 semi-final 1 review — the usual glorious nonsense». The Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 4. oktober 2025. Henta 29. november 2025.
  42. Dijk, Sem Anne Van (16. mai 2025). «🇨🇭Eurovision 2025: Grand Final Running Order Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. november 2025.
  43. Pakhnyuk, Lucy (17. mai 2025). «Ukraine takes 9th place in Eurovision 2025». The Kyiv Independent (på engelsk). Henta 30. november 2025.
  44. «Results of the Grand Final of Basel 2025». Eurovision. 17. mai 2025. Henta 30. november 2025.
  45. «2025 21-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 23. mai 2025. Henta 23. mai 2025.
  46. «Veckolista Heatseeker, vecka 21, 2025». Sverigetopplistan. Henta 23. mai 2025.
  47. «Ziferblat – Bird of Pray – Ukrainian Top 20 Chart History» (på engelsk). Top40-Charts. Henta 18. mars 2025.
  48. «Top Radio Hits Ukraine Weekly Chart: May 29, 2025» (på russisk og engelsk). TopHit. 30. mai 2025. Henta 31. mai 2025.