close
Hopp til innhald

Store Zimbabwe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store Zimbabwe
by
Land  Zimbabwe
Kart
Store Zimbabwe
20°16′12″S 30°55′59″E / 20.27°S 30.933°E / -20.27; 30.933
Wikimedia Commons: Great Zimbabwe

Store Zimbabwe (eller Great Zimbabwe) var ein eldgammal by i det sørlege Afrika i det noverande Zimbabwe. Staden var sentrum for eit stort rike kjent som Mutapariket. Dette imperiet herska over eit område som omtrent dekker det noverande Zimbabwe (som har teke namnet sitt frå denne byen) og Mosambik. Dei handla med omverda via hamner som Sofala sør for Zambezideltaet frå 400-talet til 1400-talet.

Ruinane etter Store Zimbabwe er det største nasjonalsymbolet til Zimbabwe, der zimbabwefuglen (eit anna nasjonalt symbol) vart oppdaga. Store Zimbabwe vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 1986.