Usenet

Usenet, kort for User's Network og ofte berre kalla news eller newsgroups, er eit globalt, desentralisert og distribuert diskusjonsnettverk på Internett der brukarar kan lese eller publisera meldingar til ei eller fleire diskusjonsgrupper (nyheitsgrupper) ved hjelp av ein nyheitsklient. Nettverket blei utvikla av Tom Truscott og Jim Ellis ved Duke University i 1979, og er forløparen til dei ulike webbaserte diskusjonsforuma som er mykje brukte i dag. Usenet er eit av dei eldste datanettverka som framleis er i bruk.
Usenet har ingen sentral server eller eigar, men er distribuert over eit stort tal serverar som lagrar og sender meldingar til kvarandre. Brukarar hentar vanlegvis og sender meldingar frå ein server som er under kontroll av internettleverandøren deira. Denne serveren sørgar for å senda meldingane vidare til andre serverar, slik at meldingane kan lesast av brukarar som nyttar andre serverar.
Protokollen som blir nytta for å kommunisera med Usenet-serverane er NNTP.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Usenet» frå Wikipedia på bokmål, den 12. april 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- USENET Norge
- Google Groups - fører både diskusjonsgrupper frå Usenet og eigne grupper