Xihu
| Xihu | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Xihu 30°14′15″N 120°08′27″E / 30.2375°N 120.14083333333°E | |||
| Wikimedia Commons: West Lake | |||
Xihu (kinesisk skrift 西湖 pinyin Xīhú, ‘Vestsjøen’) i Hangzhou i Zhejiang er ein innsjø som er blant dei fremste turistmagnetane i Kina. Han er mellom anna eit kjent reisemål for bryllaupsreiser.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sjøen er omkransa av høgdedrag på tre sider.[1] Han har eit overflateareal på 6,39 km²,[2] Middeldjupna er på 3 meter og vassvolumet er om lag 14.290.000 kubikkmeter. Sjøen blir delt opp i fem område av vegbankane Gu Shan, Bai, Su og Yanggong. To er kalla opp etter framståande diktarar som verka som mandarinar i Hangzhou.
Dei avgrensande vassområda blir kalla Den ytre vestsjøen (外西湖), Vestre indre sjø (西里湖, 后西湖 eller 后湖), Nordre indre sjø (北里湖 eller 里西湖), Vesle søndre sjø (小南湖 eller 南湖) og Yuesjøen (岳湖). Den ytre vestsjøen er den største.
Gu Shan eller Guhøgda er den einaste naturlege øya i sjøen.[2] Vegbankane Su og Bai går tvers over sjøen. Tre mindre kunstige øyar, Xiao Ying Zhou (小瀛洲), Hu Xin Ting (湖心亭) og Ruan Gong Dun (阮公墩), ligg i midten av Den ytre vestsjøen. På denne måten blir den grunnleggende layouten ei høgd, to vegbankar, tre øyar og fem små sjøar.
Xihu er kjend ikkje berre for det pittoreske landskapet sitt. Han er òg knytt til mange lærde menn, nasjonalheltar og revolusjonære martyrar, og har difor band til mange aspekt av kinesisk kultur. I tillegg finst det mange særs gamle bygningar, steingrotter og innrissa tablå i området rundt sjøen. Blant desse finst nokre av dei fremste kinesiske nasjonalskattane, av betydeleg kunstnerisk verdi.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje soga blei sjøen til då ein føniks og ein drake kjempa om ei kostbar perle. Perla glapp for begge to, fall ned på bakken og blei til Vestsjøen.
Ei mindre poetisk skapingsforteljing går ut på at sjøen ein gong, fram til 700-talet, var ei djup utbukting av elva Qiantang, som no har utløpet sitt tre kilometer lenger aust. Under Tangdynastiet blei elva retta ut ved at bukta blei inndemma, og ein brei sandbanke blei bygd opp imellom. Det var òg på denne tida at bukta/sjøen blei drenert slik at han fekk ei jamn djupne på om lag 1,5 meter. Seinare har sjøen blitt fordjupa.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Xihu har vore ein turistattraksjon sidan Tang-dynastiet.[3]
I mange kinesiske byer er det blitt anlagt kopiar av Vestsjøen. Det skal finnast i alt 36 av dei i Kina, og dessutan er det også nokre i Japan.
Sjøen blei anerkjend som ein nasjonal scenisk nøkkelstad i 1982 og rekna som ein AAAAA-turistattraksjon i 2006. Han er eit av dei mest populære turistmåla i Kina og eit viktig kulturelt landemerke.[4] I 2002 fjerna dei lokale styresmaktene murane rundt parken, slik at det var fri tilgang til dei fleste områda rundt sjøen. Dette gjorde Xihu til det fyrste større turistmålet til å fjerna inngangsbillettar, med mål om å auka omsetjinga til restaurantar, hotell og butikkar i området.[5] Det sceniske området blir fullt av folk under offentlege fridagar.[6]
Bildegalleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Zhang, Rouran (4. januar 2023), «West Lake cultural landscape of Hangzhou», Routledge Handbook of Cultural Landscape Practice (på engelsk) (1 utg.) (London: Routledge), s. 362–368, ISBN 978-1-315-20311-9, doi:10.4324/9781315203119-41, henta 5. november 2024
- 1 2 浙江省测绘与地理信息局关于启用浙江省主要河流长度、流域面积、主要湖泊面积数据的公告. Zhejiang Provincial Bureau of Surveying and Mapping. 30. september 2010. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 5. september 2011.
- ↑ Duan 2020, Introduction
- ↑ «Capturing the elegance of West Lake over the centuries». SHINE (på engelsk). Henta 5. november 2024.
- ↑ You, Xudong (3. november 2022). «How Hangzhou Freed West Lake and Upended Chinese Tourism». SixthTone. Henta 1. november 2024.
- ↑ «West Lake». Lonely Planet. Arkivert frå originalen 26. juli 2024. Henta 1. november 2024.
- Bibliografi
- Duan, Xiaolin (2014). Scenic Beauty outside the City: Tourism around Hangzhou's West Lake in the Southern Song (1127-1276) (PhD thesis). University of Washington. hdl:1773/26017.
- Duan, Xiaolin (2020). The rise of West Lake: a cultural landmark in the Song Dynasty. Seattle: University of Washington Press. ISBN 978-0-295-74711-8.
- He, Qiliang (2023). The people's West Lake: propaganda, nature, and agency in Mao's China, 1949-1976. Honolulu: University of Hawaiʻi Press. ISBN 978-0-8248-9559-4.
- State Administration of Cultural Heritage (2011), West Lake Cultural Landscape of Hangzhou (PDF), Paris, France: UNESCO World Heritage Centre
- Denne artikkelen bygger på «Xihu» frå Wikipedia på bokmål og «West Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2026.

