Henrik Angell var ein norsk offiser, idrettsmann, evantyrar, forfattar, forsvarsven og krigshelt frå teneste i den franske framandlegionen. Angell var ein pionér innan skisporten, gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen og fremja interessa for skiidrett i Noreg og utanlands. Han vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC). Han ga ut fleire bøker om militærhistoriske emne.
Henrik Angell
Faktaboks
Henrik August Angell; Henrik August Johanson Angell
- Fødd
- 22. august 1861, Luster
- Død
- 26. januar 1922, Kristiania (no Oslo)
- Virke
- Offiser
- Familie
-
Foreldre: Kaptein Johan Mølmann Anderson Lysholm Angell (1820–88) og Marie With Bonnevie (1830–1904).
Gift 1.11.1890 med Gerhardine («Gerda») Henriette de Sérène d’Acqueria (2.4.1857–9.5.1934), datter av birkedommer, dansk kammerjunker Louis Victor de Sérène d’Acqueria (1807–1886) og Thora Fortunata Benzon (1821–1909).
Bakgrunn og familie
Henrik August Angell var fødd i Luster i Sogn. Faren var gardbrukar og hæroffiser, og var beordra til teneste i Bergen då sonen var ni år. Henrik Angell voks difor opp der, men kontakten med bygdefolk og nærleiken til naturen i Luster kom til å få stor betydning for han.
Angell var av fransk slekt, snakka fransk og var knytta til landet. I 1890 gifta han seg med ei dansk kvinne av adeleg slekt, Gerda de Sérène d’Acueria. Dei busette seg på Bygdøy ved Kristiania og fekk to born.
Militær karriere
Henrik Angell var berre 15 år då han byrja på Krigsskulen. Han tok offiserseksamen i 1882. Etter ei kort beordring til Bergenske infanteribrigaden, som sekondløitant (fenrik), studerte han ved Den militære høiskole og tok generalstabseksamen i 1886.
Etter aspiranttida i generalstaben steig han raskt i gradane. Mellom anna var han kaptein og sjef for andre linjekompani av Sogn bataljon i perioden 1889–1895, så sjef for andre landvernkompani ved Norsk Jægerkorps til 1911, då han vart utnevnd til oberst og sjef for Søndermør infanteriregiment fram til 1914, og deretter sjef for Smaalenenes infanteriregiment til 1918. Som kompanisjef i 1905 tok Angell del i mobiliseringa kring unionsoppløysinga, og låg med si avdeling ved Fredrikshald (Halden).
Angell tok og del i nøytralitetsvakta under første verdskrigen, men då Noreg ikkje var med i krigen, søkte han seg til krigsteneste for Frankrike. Han fekk avskil i nåde for å verve seg til den franske framandlegionen for å delta på fransk side. Som løytnant kjempa han først på Vestfronten under sluttkampane. Deretter vart han sendt til Murmansk-fronten for å slåss på dei kvite si side i den russiske borgarkrigen, som følgde Den russiske revolusjonen. Her vart han sterkt forfrosen under eit oppdrag, og vart sendt til eit lasarett i Paris der han måtte amputere delar av foten og handa. Han vart sterkt svekt av skadene og måtte gi opp vidare militær karriere. Etter ei tid i Frankrike vende han attende til Noreg i 1920.
Nasjonalisme og militarisme
Angell var aktiv i Norges Forsvarsforening, og arbeidde med å få Stortinget til å gå innfor ei styrking av det norske Forsvaret frå starten av 1890-åra. Politisk støtta han Venstre, som i tida før unionsoppløysinga i 1905 var det fremste forsvarspartiet. Han var ein sterk tilhengar av den radikale fløya i partiet som var leia av Georg Stang og Johan Castberg. Men det var sider ved nasjonalismen til Angell som på fleire områder skilte seg frå den rådande. Angell var ein krigsromantikar som ivra for at Noreg skulle ta attende kontrollen over territoria som var tapt til Danmark og Sverige, som Grønland, Færøyane og Båhus len. Seinare vart han engasjert i eit føretak som prøvde å etablere ein norsk koloni i Marokko.
Angell begrensa seg ikkje til å understreke viktigheita av eit sterkt forsvar. For han var forsvaret sjølve ryggraden til nasjonen. Krig var ein kvar nasjons nødvendige lutring, og offervilje ein nasjonal dyd. Lovprisinga hans av krig og ønsket om at militære idealer skulle prege det sivile samfunnet, gjorde han til ein av dei framste eksponentane for militarisme i Noreg.
Angell sin innsats for forsvaret lå først og fremst på det ideologiske planet. Han meinte at Forsvaret måtte tuftast på ei sterk oppslutning i folket. Oppslutninga, meinte Angell, hadde gått tapt gjennom unionen med Sverige, og kunne berre vekkjast til live igjen gjennom fedrelandskjærleik og fysisk fostring. Kjærleiken til fedrelandet måtte vekkjast til live gjennom kjennskap til historien, den andre gjennom ei organisert idrettsrørsle.
På begge frontar viste Angell stort engasjement. I bøker, artiklar og føredrag trakk han fram hendingar frå norsk krigshistorie, som Skottetoget i 1612 og sjuårskrigen i 1807–1814 (sjå Noreg under Napoleonskrigane). Han skreiv òg om andre nasjonars kamp for sjølvstende. Særleg Montenegro og Serbia vart trekke fram som forbileter. Ein skitur gjennom Montenegro i 1893 resulterte i fleire bøker om montenegrinaranes kamp mot tyrkisk okkupasjon. I fleire periodar reiste han land og strand rundt og heldt foredrag, mest om eigne opplevingar, men òg om forsvarssaka.
Skisportpionér
Angell gjekk på ski over Hardangervidda i 1884, like før Fridtjof Nansen gjorde det same. Angell ønskte å vere med på skiferda over Grønland, men Nansen tok andre med. Med stipend frå Generalstaben reiste Angell på studietur til Balkan (Montenegro og Serbia) i 1892. Han viste fram skisporten, og er rekna som grunnleggjaren av skiidretten i Montenegro, etter at prins Nikola oppmoda han om å starte skiskule i Cetinje for militære og sivile.
Angell er òg rekna for å ha starta den første skiskulen i Frankrike. Dette var etter at han i 1903 var instruktør for franske alpejegarar frå 159. regiment, i Briançon i Alpane.
Som følge av innsatsen sin for skiidretten vart han i 1905 Angell den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC), personleg invitert av Pierre de Coubertin, grunnleggjaren av dei moderne olympiske leikane.
Angel var opptatt av fysisk fostring gjennom idrett, noko han meinte at også gavna forsvarsvilja. Han var med i leiinga av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, som var ein forløpar for Norges idrettsforbund. Her gjorde Angell ein stor innsats med å organisere lokale skiforeiningar rundt i landet.
Forfattarskapen
Henrik Angell var ein dugeleg skribent og foredragshaldar. Han skreiv artikler i flere aviser og tidsskrift, og utga ei rekkje bøker, om eigne eventyr og om krigshistorie. Debutboka hans var ei lærebok i teikning i 1893. Seinare kom om lag tjue bøker, særleg reiseskildringar og krigshistorie.
Populær vart Gjennem Montenegro paa ski (1895), basert på studieopphaldet Angell hadde der for å studere den montenegrinske fridomskampen. Den heroiske guteboka De sorte Fjeldes Sønner (1896) – også den frå Montenegro – var dedisert til Noregs ungdom og hær. Opplagstala var svært høge på nokre av arbeida hans, Syv-aarskrigen for 17de mai (1914) er eit døme.
Dei fleste av bøkene er skreve på riksmål, men Angell gjekk etter kvart over til nynorsk for å støtte målsaka. Han gav òg ut bøker på nynorsk, mellom dei Norsk skilauparsoga (1908). Mykje av den litterære produksjonen vart omsett til serbisk og fransk. Braves enfants, basert på Kjække gutter og jenter (1904), vart utgitt posthumt.
Interessa for historie og beundringa for fjellfolk og skisport går igjen i Angell sitt forfattarskap og knyttar han til romantikken. Både som forfattar og skipioner var han med på å gi nordmenn medvit om eiga fortid og eigenart, og bidro dermed til utviklinga av ein norsk nasjonal identitet i åra rundt 1900.
Utmerkingar
Han fekk mange utmerkingar, mellom anna det serbiske militærkorset, det britiske militærkorset og det franske krigskorset med rosett. Han vart offiser av Æreslegionen i Frankrike.
I 1923 vart ein statue av Angell, laga av Gustav Lærum, reist i Holmenkollen. Under OL i Sarajevo i 1984 vart skisportpioneren Angell heidra med ei minnetavle i Cetinje.
Utgivingar
- Tegnebog for folkeskolen og nybegyndere. Med forklarende tekst og nationale forbilleder, 1893, 2. utgåver 1910 (nynorsk utgåve Teiknebok for folkeskulen og for næmingar, 1910–1914)
- Gjennem Montenegro paa Ski, 1895
- De sorte fjeldes sønner, 1896 (nynorsk utgåve Svartfjell-sønerne, 1898)
- Kaptein Jürgensen og Leirdølerne hans, 1901
- Et stærkt folk. Montenegrinske fortællinger, 1902
- Kjække gutter og jenter. Fortællinger for ungdommen, 1905
- Vor sidste Krig 1807–1814 (med illustrasjonar av Andreas Bloch), 1905 (ny utg.åve Syv-aars-krigen for 17. mai 1807–1814, 1914, faksimileutgåve 1995)
- Fortællinger fra grænsevagten 1905, 1906
- Norges Krigshistorie. Landkrigene, 1906
- Norsk skilauparsoga. Øystredølarne, 1908
- Skottetoget. Et 300 aars minde 1612–1912, 1912 (nynorsk utgåve Skotteferdi, 1912)
- Eit lite folk i strid for livet. Soldatarsogar fraa Serbia, 1914
- For Frankrigs ret og ære, 1918 (nynorsk utgåve Frankrikes søner i vaapen og strid, 1918)
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Andersen, Roy: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave, bind 1, 1999
- Andersen, Roy: Henrik Angell. En nordmann på tvers. Oslo 2000
- Bjørkum, Andreas og Bondevik, Jarle: Dikting og diktarar frå Sogn. Sogn historielag. Førde 1979
- Johnsen, Egil Børre og Eriksen, Trond Berg (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bind 1 og 2. Oslo 1998
- Munthe, C.O.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave, bind 1, 1923
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.