close
Svartkummen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Svartkummen, blom og olje.
Svartkummen
Av .
Rosa svartkummen blom.
Svartkummen blom rosa
Av .

Svartkummen er eit krydder frå planten Nigella sativa, som høyrer til soleiefamilien. Krydderet er små, svarte frø med smak som minner om valmuefrø eller sesamfrø, men noko sterkare.

Faktaboks

Også kjend som
svartkarve
Vitskapeleg namn
Nigella sativa
Beskriven av
Carl von Linné

Krydderet blir marknadsført under fleire namn, mellom anna nigellafrø og svartkummen. Av og til blir namnet brukt svartkarve, noko som bidreg til forveksling sidan det òg er namnet på krydder frå ein annan plante Bunium persicum.

Skildring

Planten er ei eittårig urt som kan bli opptil 30 centimeter høg. Blada er inflikete og fjørliknande. Blomane er kvite til bleikt blå. Dei svarte frøa sit inni ein papiraktig kapsel.

Opphav

Svartfrø kjem opphavleg frå Midtausten og Vest- og Sentral-Asia.

Bruk

Det er frøa som blir brukte i matlaging, anten friske eller turka. Smaken er aromatisk og beisk med ein smule oregano og røyk. Friske frø er skarpare i smaken enn turka.

Svartfrø blir mest brukt i Midtausten og Sentral-Asia. Krydderet blir brukt til å setje smak på grønsakretter, spesielt aubergine og graskar, curryretter, til fisk og som strø på bakarvarer. Frøa blir vanlegvis brukte heile og kan gjerne få ei rask oppvarming i panna for å frigjere smaksstoffa før andre ingrediensar blir tilsette.

I tillegg blir frøa brukte til krydring av konfekt og brennevin, og i ei rekkje krydderblandingar, mellom anna panch phoron og garam masala.

Av frøa blir vunne ut olje som inneheld aminosyrer og omega-3 og blir brukt innan helsekostindustrien.

Historie

Svartfrø har blitt funne under utgravingar av Tutankamons grav, noko som viser at frøa var høgt verdsette allereie den gongen. Svartfrø blir omtalt både i Bibelen og Koranen. I Koranen seier Mohammed at «svartfrø er medisin for alle sjukdomar unnateke døden».

Frøa og frøolje har blitt brukt som medisin i århundrer, mot mellom anna infeksjonar, forkjøling og fordøyingsproblem. Dei skulle også verke oppkvikkande, stimulerande på mjølkeproduksjonen hos ammande mødrer og leita mismot.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Magnoliophyta dekkfrøingar, blomsterplanter, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter, tofrøblada planter
Orden Ranunculales soleieordenen
Familie Ranunculaceae soleiefamilien
Slekt Nigella svartfrøslekta
Art Nigella sativa svartfrø, svartkarve

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Nigella sativa
Artsdatabanken-ID
213416
GBIF-ID
5371700

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg