Shawarma
Utsjånad

Shawarma (tyrkisk: Şavurma, arabisk: شاورما, hebraisk: שווארמה) er ein variant av[1] eller eit anna namn[2] på tyrkisk kebab, som er utbreidd i Midtausten.[3] Det består av et stykke skorne kjøttbiter, som regel av lam, sau eller okse, eventuelt kylling, som blir grilla medan dei roterer på same måte som döner kebab. Hovudskilnaden frå döner kebab er den særskilde sausen og krydderblandinga som blir nytta til shawarma. Ofte bruker ein namna om kvarandre. Ordet «shawarma» er meir utbreidt i arabisktalande land, medan «kebab» dominerer i Europa og USA.
Ordet «shawarma» kjem opphavleg frå det tyrkiske ordet «çevirme», som tyder ‘roterande’ eller ‘snurrande’.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The World Cookbook for Students, Volum 1 Av Jeanne Jacob,Michael Ashkenazi, side 10.
- ↑ A Dictionary of Food and Nutrition Av David A. Bender, se under "kebab"
- ↑ http://www.nrk.no/mat/1.7252168
- ↑ Terrorism, the Origin and the Sources: An Anthology of Poetry Ambigrams and Political Oratories, p. 307.
- Denne artikkelen bygger på «Shawarma» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2026.