Breakdance er ein type dans. Å danse breakdance kallast å breake. Dansen starta i hiphop-miljøet. Ofte breakar folk til hiphop eller anna musikk som har ein tydeleg rytme.
I breakdance kan folk finne på sine eigne dansesteg. Breakdance kan sjå ulikt ut alt etter kven som dansar.
Som regel breaker folk for eit publikum, for å underhalde. Breakdance kan vere ein konkurranse eller duell mellom personar eller grupper. Ei gruppe som dansar saman blir kalla eit crew.
I sommar-OL i Paris i Frankrike i 2024 var breakdance ein av konkurransane. Dette var første gong breakdance var med i OL.