close
Hopp til innhald

Eittpartistat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein eittpartistat eller eit eittpartisystem er ein styringsstruktur der berre eit enkelt politisk parti kontrollerer styresystemet.[1] I ein slik stat er alle opposisjonsparti anten forbodne eller har avgrensa og kontrollert deltaking ved val. Termen «de facto-eittpartistat» blir til tider brukt for å skildra eit system med eit dominerande parti som, i motsetnad til ein rein eittpartistat, tillet (i det minste nominelt) fleirpartival, men dei eksisterande praksisane eller balansen av politisk makt gjer at opposisjonen ikkje får makt.[2]

Medlemskap i regjeringspartiet pleier vera relativt liten i forhold til folkesetnaden.[3] I staden kan partiet gje private gode til andre medlemmar av eliten for å sikra vedvarande støtte. Samanlikna med diktatur med eit dominerande parti er eittpartistat strukturerte i motsetnad til demokrati. Dei endrar seg òg til fleirparti-demokrati i lågare rater enn diktatur med dominerande parti.[4]

Noverande eittpartistatar

[endre | endre wikiteksten]
Land Partileiar Leiartittel Parti Ideologi Dato for etablering Varigheit Merknad
Kina[5] Xi Jinping
Generalsekretær Det kinesiske kommunistpartiet Sosialisme med kinesiske karaktertrekk 1. oktober 1949 76 år, 281 dagar Åtte mindre parti har juridisk status som del av ein «sameint front», men leiarskapen deira blir fastsett det kinesiske kommunistpartiet.[6]
Cuba[7] Miguel Díaz-Canel
Fyrstesekretær Kommunistpartiet i Cuba Marxisme-leninisme, castroisme, guevarisme, venstrenasjonalisme 3. oktober 1965 65 år, 84 dagar
Eritrea[8] Isaias Afwerki
Formann Folkefronten for demokrati og rettferd Eritreisk nasjonalisme, statisme 16. februar 1994 32 år, 143 dagar
Laos[9] Thongloun Sisoulith
Generalsekretær Det revolusjonære partiet til det laotiske folket Kaysone Phomvihane-ideologi 2. desember 1975 50 år, 219 dagar
Nord-Korea[10] Kim Jong-un
Generalsekretær Det koreanske arbeidarpartiet Kimilsungisme-kimjongilisme 9. september 1948 77 år, 303 dagar To mindre parti er lovleg anerkjende, men er under kontroll av Det koreanske arbeidarpartiet.[11]
Den saharawiske arabiske demokratiske republikken Brahim Ghali
Generalsekretær Polisario Front Sahrawi-nasjonalisme, arabisk sosialisme 27. februar 1976 50 år, 132 dagar Stat med avgrensa anerkjenning, med hovudkontor i Algerie
Vietnam[12] Tô Lâm
Generalsekretær Det vietnamesiske kommunistpartiet Ho Chi Minh-ideologi 2. september 1945 50 år, 132 dagar To mindre parti, Det demokratiske partiet og Sosialistpartiet, hadde lovleg status i Vietnam fram til 1988.
  1. Clark, William Roberts; Golder, Matt; Golder, Sona Nadenichek (23. mars 2012). Principles of Comparative Politics (på engelsk). SAGE. s. 611. ISBN 9781608716791.
  2. «One-Party | Encyclopedia.com». www.encyclopedia.com. Henta 21. februar 2023.
  3. Angiolillo, Fabio (27. april 2023). «Introducing the One-Party Membership Dataset: A dataset on party membership in autocracies». Journal of Peace Research (på engelsk) 61 (4): 694–708. ISSN 0022-3433. doi:10.1177/00223433231155278.
  4. Magaloni, Beatriz; Kricheli, Ruth (1. mai 2010). «Political Order and One-Party Rule». Annual Review of Political Science 13 (1): 123–143. ISSN 1094-2939. doi:10.1146/annurev.polisci.031908.220529.
  5. «China», The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency), 26. januar 2023, henta 5. februar 2023
  6. Baptista, Eduardo (11 June 2021). «Communist Party is not China's only political party – there are eight others». South China Morning Post. Henta 18 September 2024.
  7. Roman, Peter (2003). People's Power: Cuba's Experience with Representative Government. Rowman & Littlefield. ISBN 0-7425-2564-3.
  8. «Eritreans hope for democracy after peace deal with Ethiopia». BBC News (på engelsk). 17. juli 2018. Henta 5. februar 2023.
  9. «Laos: Freedom in the World 2020 Country Report». Freedom House (på engelsk). Henta 5. februar 2023.
  10. «North Korea: Country Profile». Freedom House (på engelsk). Henta 5. februar 2023.
  11. Tertitskiy, Fyodor (26. november 2014). «Being a minor party in the North». NK News. Henta 18. september 2024.
  12. «Vietnam: Country Profile». Freedom House (på engelsk). Henta 5. februar 2023.