Grächen
Utsjånad
| Grächen | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Valais | ||
| Distrikt | Visp | ||
| Språk | tysk | ||
| Borgarmeister | Jakob Walter | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
14,29 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 400 98 /km² | ||
| Koordinatar | 46°10′0″N 7°49′0″E / 46.16667°N 7.81667°E | ||
| Høgd over havet | 1619 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 3925 | ||
| Nettstad: www.gemeinde-graechen.ch | |||
Grächen er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 1 400 innbyggjarar (2010) og eit areal på 14 km². Kommunesenteret ligg 1619 meter over havet.
Landsbyen ligg på ein terrasse ovanom St. Niklaus i Mattertal, nord for Mischabel-fjella (og Dom). Ovanom landsbyen ligg Riedbreen, som strekkjer seg 5 km frå Ried til Bärgji.
Grächen fekk vegsamband med utomverda i 1953. Men òg i dag er størstedelen av sjølve landsbyen stengd for biltrafikk.
Grächen er den staden i Sveits med lågast årsnedbør.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grächen» frå Wikipedia på tysk, den 8. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettside (tysk)
- Turistinformasjon Arkivert 2006-11-26 ved Wayback Machine.
- Vêrinformasjon
