close
Hopp til innhald

Rita Marley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rita Marley

Fødd25. juli 1946 (79 år)
FødestadSantiago de Cuba, Santiago de Cuba
OpphavCuba, Jamaica
Aktiv1964
Sjangerreggae
Instrumentvokal
PlateselskapTuff Gong
Verka somsongar
Gift medBob Marley
BornZiggy Marley, Sharon Marley, Cedella Marley, Stephen Marley
PrisarUtmerkelsesordenen

Rita Marley (fødd 25. juli 1946), fødd som Alpharita Constantia Anderson, er ein jamaicansk songar. Ho var gift med Bob Marley frå 1966 til hans død 1981. Ho er mor til reggaeartistane David «Ziggy» Marley og Stephen Marley.

Rita Marley blei fødd i Santiago de CubaCuba, med Leroy Anderson og Cynthia «Beda» Jarrett som foreldre. Dei flytta til Kingston på Jamaica då ho var tre månader gammal,[1] og Marley voks opp i Trenchtown i Kingston. Ho blei oppseda av tanta si Viola etter at foreldra gjekk frå kvarandre.[2]

Musikalsk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Rita grunnla gruppa The Soulettes med syskenbarnet sitt Constantine Walker og Marlene Gifford. The Soulettes gav ut fleire songar, mellom anna rocksteady-songar som «Time for Everything», «Turn! Turn! Turn!» (gjeven ut i 1966, skriven av Pete Seeger) og «A Deh Pon Dem». Andre songar som «Friends and Lovers», «One More Chance» og «That Ain't Right» (med harmoni av The Wailers), og ein duett av Marley og Bunny Wailer («Bless You»), blei gjevne ut fleire år seinare på albumet Lovers and Friends.

Rita gifta seg med Bob Marley rundt februar 1966, like før han flytta til Wilmington i Delaware i nokre månader for å arbeida på Dupont Hotel der. Bob blei erstatta i The Wailers av syskenbarnet hennar Constantine «Vision» Walker, som spelte inn nokre songar med The Wailers i denne perioden, med harmoniar av Rita Marley. Etter at Bob kom tilbake ved slutten av sommaren 1966 skipa han, Bunny Wailer og Peter Tosh det sjølvstendige plateselskapet Wail 'n' Soul'm. Då Bunny blei fengsla i 1968 for å inneha cannabis erstatta Rita han i The Wailers i nokre månader.

Saman med Marcia Griffiths og Judy Mowatt danna Rita gruppa I-Threes, som kora for Bob Marley. Bob Marley-songen «Three Little Birds» blir sagt vera tileigna kona hans og I-Threes.[3] Rita har òg vore vellykka som soloartist. Den største hitten hennar var låten «One Draw», som låg på fyrsteplassen på den engelske discolista, sjølv om han var forboden å spela på BBC sine stasjonar på grunn av pro-marihuanabodskapen sin.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 1980 – Rita Marley
  • 1981 – Who Feels It Knows It
  • 1988 – Harambe (Working Together for Freedom)
  • 1988 – We Must Carry on
  • 1990 – Beauty of God's
  • 1990 – Good Girls Cult
  • 1990 – One Draw
  • 2003 – Sings Bob Marley...and Friends
  • 2003 – Sunshine After Rain
  • 2004 – Play Play
  • 2004 – Keep on Pushing

Konsertalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 2008 – Live in San Francisco

Samlealbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 2002 – One Draw: The Best of Rita Marley
  • 2003 – 20 Cool Reggae Vibes
  • 2004 – 20th Century Masters - The Millennium Collection: The Best of Rita Marley & The Soulett
  1. Browne, David (23. juli 2021). «'They Wanted Her to Shut Up and Be a Widow': How Rita Marley Overcame Tragedy and Revived the Family Brand». Rolling Stone (på engelsk). Henta 26. februar 2023.
  2. Staff Writer (25. juli 2016). «On this day in Jamaican History: Rita Marley was born». Jamaicans.com (på engelsk). Henta 26. februar 2023.
  3. «The Story of... 'Three Little Birds' by Bob Marley». smoothradio. 6. februar 2019. Henta 26. mai 2021.