Rob Reiner
| Rob Reiner | |||
| | |||
| Fødd | 6. mars 1947 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Bronx, New York by | ||
| Død | 14. desember 2025 (78 år) | ||
| Dødsstad | Brentwood, Los Angeles | ||
| Fødenamn | Robert Norman Reiner | ||
| Aktive år | 1966–2025 | ||
| Verka som | filmregissør, skodespelar, manusforfattar, filmprodusent, filmskodespelar, komikar, filmmanuskriptforfatter, skribent, fjernsynsskodespelar, TV-forfatter, aktivist, TV-produsent | ||
| Mor | Estelle Reiner | ||
| Far | Carl Reiner | ||
| Ektefelle | Penny Marshall, Michele Singer Reiner | ||
| Born | Tracy Reiner, Jake Reiner, Nick Reiner, Romy Reiner | ||
| Prisar | Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Comedy Series, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Comedy Series, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Hugo Award for Best Dramatic Presentation, Jane Fonda Humanitarian Award | ||
Robert Reiner (6. mars 1947–14. desember 2025) var ein amerikansk skodespelar, filmregissør, filmprodusent, manusforfattar og politisk aktivist.
Han regisserte filmane This is Spinal Tap (1984),[1] Prinsessebruden, Stand by Me, Da han møtte henne og Et spørsmål om ære.
Reiner blei fødd 6. mars 1947 i Bronx, som son av filmregissøren og skodespelaren Carl Reiner og songaren Estelle Lebost; familien var jødisk. Reiner blei tildelt to Emmy- (nominert til fem) og fem Golden Globe-prisar.[1][2][3]
Han var ein av personane bak selskapet Castle Rock Entertainment, seinare innlemma i Turner og Time Warner. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.[3]
Reiner og kona hans blei funne døde med stikkskadar heime i Brentwood i Los Angeles den 14. desember 2025. Politiet etterforskar dødsfalla som drap.[4][5] Sonen Nick blei arrestert mistenkt for drapa.[6][7]
Reiner støtta det demokratiske partiet og var ein kjend kritikar av Donald Trump; han uttalte at Trump var «mentalt ueigna».[6]
Filmar i utval
[endre | endre wikiteksten]- Halls Of Anger – skodespelar (1969)
- Summertree – skodespelar (1971)
- Fire Sale – skodespelar (1977)
- Hjelp vi er i popbransjen – regissør, skodespelar (1984)
- The Sure Thing – Regissør (1985)
- Venner for livet – Regissør (1986)
- The Princess Bride – Regissør (1987)
- Da han møtte henne – Regissør (1989)
- Hilsen fra Hollywood – Skodespelar (1990)
- Misery – Regissør (1990)
- Et spørsmål om ære – Regissør (1992)
- Søvnløs i Seattle – Skodespelar (1993)
- North – Regissør (1994)
- Kuler over Broadway – Skodespelar (1994)
- Den amerikanske presidenten – Regissør (1995)
- Bye Bye Love – Skodespelar (1995)
- Ghosts of Mississippi – Regissør (1996)
- EDtv – Actor (1999)
- The Story of Us – Regissør (1999)
- Alex & Emma – Regissør (2003)
- Dickie Roberts: Former Child Star – skodespelar (2003)
- Rumor Has It... – Regissør (2005)
- Everyone's Hero – Stemmeskodespelar (2006)
- Nå eller aldri – Regissør (2007)
- Flipped – Regissør (2010)
- 8 – Regissør (2012)
- The Magic of Belle Isle – Regissør (2012)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Cain, Sian (15. desember 2025). «Director Rob Reiner and wife Michele Singer Reiner found dead at home». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ AP and ToI Staff (15. desember 2025). «Rob Reiner, Jewish comedy giant behind slew of iconic Hollywood films, dies at 78». The Times of Israel (på engelsk). ISSN 0040-7909.
- 1 2 Times, -Shelby Grad for the Los Angeles. «Rob Reiner». latimes.com (på engelsk). Henta 15. desember 2025.
- ↑ AP and ToI Staff (15. desember 2025). «Rob Reiner, Jewish comedy giant behind slew of iconic Hollywood films, dies at 78». The Times of Israel (på engelsk). ISSN 0040-7909.
- ↑ X (15. desember 2025). «New details emerge in slaying of Rob Reiner, wife as police interview family member». Los Angeles Times (på engelsk). Henta 15. desember 2025.
- 1 2 Klepp, Hannah Solstad (15. desember 2025). «Trump får refs etter Rob Reiner-kommentar». VG (på norsk). Henta 15. desember 2025.
- ↑ Ighanian, Catherine Gonsholt (15. desember 2025). «Politiet bekrefter: Sønnen mistenkt for drap». VG (på norsk). Henta 15. desember 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Rob Reiner» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2025.