close
Hopp til innhald

Sniglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sniglar
Snigel
Snigel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Sniglar Gastropoda
Cuvier, 1797

Sniglar (Gastropoda) er ein klasse av blautdyr. Mange artar lever på land, men to tredelar av artane held til i vatn. Dei aller fleste har eit skal (sniglehus) som dei ber med seg. Inne i skalet er dei fleste av organa til snigelen, berre foten med hovudet stikk ut.

Sniglane lever i heile verda bortsett frå Antarktis og i Arktis. Dei er delte inn i to undergrupper, lungesniglar og «gjellesniglar» (dei to gruppene Eogastropoda og Orthogastropoda).

Anatomien til ein typisk landlevande snigel.

Sniglar har eit avgrensa hovud. Det er velutvikla med sanseorgan (tentaklar) og munn. Augo sit på eller like ved tentaklane. Artar som lever på svært djupt vatn eller i jorda har ikkje auge. I munnen har dei ei raspetunge (også kalla radula). Raspetunga er oppbygd av mikroskopiske, tettsitjande tverrekker av harde, spisse tenner av kitin og protein. Tennene blir fornya heile tida, fordi dei blir slitne ned når snigelen raspar føde på harde overflater.

Dei fleste artane har sniglehus eller skal. Skalet er udelt (eitt skal), i motsetnad til hos muslingar, som har to skal (delt skal). Skalet består av mellom anna kalsiumkarbonat (CaCO3). Skala er stort sett høgrevridde, men nokre skivesniglar og blæresniglar har venstrevridde skal. Skalet blir også kalla spiret, og har ofte fleire vridingar. Overflata kan vera ru eller glatt, ha ribbemønster og liknande. Rundt opninga kan det finnast utvekstar eller «tenner». På innsida er skala dekte av perlemor.

Nokre arter manglar skal (sniglehus) og utgjer gruppa nakensniglar, som lever i havet. Dei nakne artane på land, som svartskogsnigel, høyrer ikkje til nakensniglane, men er nokre artar av landlungesniglar som ikkje har utvikla skal. Dei fleste har små skalrestar innvendig.

Berre hovudet og den store foten – ei stor muskuløs flate dyra nyttar til å røra seg med – stikk ut av skalet, og dannar den synlege delen av kroppen. Landlevande arter skil ut eit slim frå kjertlar framme på foten. Arter som lever i vatn, er ikkje avhengige av slikt slim for å røra seg.

Inne i skallet ligg dei indre organa oppkveila. Det er innvolssekk, hjarte, gatt, kjønnsorgan og kappe, som er den glatte ryggsida til innvollssida. Innvollssekken er usymmetrisk.

Sniglar er muskeldyr. Dei kan trekka ti gonger si eiga vekt når dei kravlar loddrett oppover, og 50 gonger si eiga vekt vassrett.[1]

Verdas største landlevande snigel kan bli bortimot 40 cm lang og vega over ein kilo.

Lungesniglar

[endre | endre wikiteksten]

Lungesniglane har ei kappehole som er ein del av andinga til snigelen og tener som ei lunge. Kappehola manglar gjeller. Alle landlevande sniglar tilhøyrer lungesniglane, men det finst lungesniglar også i ferskvatn.

Gjellesniglar

[endre | endre wikiteksten]

Gjellesniglar lever i vatn og andar med gjeller. Gjellesniglene har eit lok på bakkroppen (operculum), som stenger ein opning til skalet (sniglehuset) når snigelen trekkjer kroppen inn.

Video av snigle som et.

Sniglar rører seg sakte. Den saktaste arten flyttar seg knapt 60 cm i året.[1] Ifølgje Guinness rekordbok er den raskaste hagesnigelen ein har målt er engelske Archie, som i 1998 kraup 33 cm på 2 minutt og 9 sekund.[1] Få av artane er rovdyr. Dei fleste lever av plantar eller algar. Dei som er rovdyr, lever av andre dyr som sit stille (muslingar m.m.) eller andre sniglar.

Sniglar stiller krav til leveområdet sitt, både til maten dei et, underlaget dei lever på (sand, berg eller jord), og vasskvaliteten. Derfor kan nærvær av enkelte artar brukast som indikator på sunnleiken til ein stad.

Nokre sniglar er tvikjønna, og mange har kompliserte kjønnsorgan. Dette gjeld nokre av dei landlevande artane. Dei fleste sniglane er derimot einkjønna, det vil seia at det finst både hannar og hoer.

Sniglar på land

[endre | endre wikiteksten]

Landsniglane lever av plantar, bær, sopp, mose og daude dyr, som makk og sniglar. Dei har ei tunge med små taggar, òg kalla raspetunge. Med denne raspar dei i seg delar av det dei skal eta.

Sniglar er viktige i næringskjeda, sidan dei er mat for fleire dyr, som insekt, gnagarar, spissmus og fuglar.

Sniglar i vatn

[endre | endre wikiteksten]

Av dei vasslevande artane held nokre til i ferskvatn og andre i saltvann. Ferskvassniglene beiter på algar på planter og stein. Nokre marine (saltvatn) er rovdyr og et blåskjel og rur. Ei rekkje sniglar held til på grunt vatn til mellomstore djupner; dei største artene lever på 25-75 meters djupne. Nokre få sniglar held til så langt ned som på 2000-3000 meter djupne. Dei er små og har tynt skal.

Sniglar i vatn er føde for fisk og fuglar. Dei blir vanlegvis kjønnsmodne etter eitt til tre år, men nokre artar brukar heile ti år. Sniglar døyr ofte like etter paring og egglegging. Nokre artar blir fleire år, men dei fleste lever berre eitt år.

  1. 1 2 3 Kjapt om snegler. Aftenposten fakta. 6. september 2008

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]