close

Iliaden. Vasemåleri frå 600- eller 500-talet fvt., med motiv frå kampane ved Troja. Det førestiller helten Akilles som forbind venen Patroklos.

Av /NTB ※.
Iliaden og Odysseen har gjennom alle tider vore pensum i skolen: Vers frå Iliaden skrivne på tavla til ein skoleelev, 3.-4. hundreåret.

Iliaden er eit epos med handling frå segnene om trojanarkrigen. Saman med Odysseen er Iliaden eit av dei to store episke dikta frå den greske antikken. Båe tekstene er tradisjonelt tillagde Homer, og ein meiner at dei vart komponerte på 700-600-talet fvt. Iliaden er bygd opp av 24 songar.

Faktaboks

Etymologi
av gresk Ilias, adjektiv til Ilion eller Ilios, Troja
Uttale

iliaden

Forfattar
Homer

Mytologisk bakgrunn

Utgangspunktet for trojanarkrigen er at den trojanske kongssonen Paris bortførte Helena, kona til kong Menelaos i Sparta, som var kjend som verdas vakraste kvinne. Ifølgje mytane hadde alle dei tidlegare friarane til Helena svore å forsvara henne dersom æra hennar vart krenkt. Menelaos samlar difor ein hær leidd av broren Agamemnon, der også heltar som den oppfinnsame Odyssevs og halvguden Akilles deltek. Kringsetjinga av Troja varer i ti år, fram til grekarane (akaiane) lurer trojanarane til å føre dei bak bymurane med den trojanske hesten.

Handling

Iliaden skildrar 51 dagar i det tiande året av trojakrigen. Det fyrste ordet, menin (harme), slår an tonen: Det er harmen og vonbrotet til helten Akilles som dannar utgangspunkt for handlinga. Agamemnon og Akilles har teke seg kvar si trojanske jente som slave. Apollonpresten Khryses ber Agamemnon om å gje han dottera Khryseis, attende, men Agamemnon nektar. Guden Apollon sender ein pest over grekarane, og etter ni dagar med store mannetap insisterer Akilles på at dei må gje frå seg jenta. Agamemnon samtykkjer, på det vilkåret at han får slaven til Akilles, Briseis, som vederlag.

Den rasande Akilles trekkjer seg ut av krigen. Han får mora, havgudinna Thetis, til å overtyde Zevs om å la trojanarane presse grekarane til det punktet der skipa deira står i flammer. Slik vil han tvinge Agamemnon til å innrømme feilen han har gjort.

I løpet av dei neste dagane får grekarane og trojanarane hjelp av ulike gudar, men eit vendepunkt kjem fyrst i den sekstande songen. Akilles låner sin næraste ven Patroklos rustningen sin slik at han kan gå ut på slagmarka og auke moralen blant grekarane. Patroklos blir drepen av den trojanske prinsen Hektor, og i sorg og sinne går Akilles attende i krigen. Der tek han livet av Hektor. Eposet endar med at kong Priamos av Troja tek seg inn i den akaiske leiren etter solnedgang og oppsøkjer Akilles med gåver for å kjøpe fri liket til sonen. Akilles går med på det, og gjev trojanarane tolv dagar til å halde gravøl for den falne kongssonen.

Omsetjingar og adaptasjonar

Iliaden er gjendikta til riksmål av Peter Østbye (1920, ny utgåve 1980) og til nynorsk av Eirik Vandvik (1951).

Eposet, og den trojanske mytekrinsen, har inspirert kunstnarar og forfattarar i fleire tusen år. I moderne tid har Iliaden danna utgangspunkt for den tyske romanforfattaren Christa Wolfs Kassandra (1983, norsk omsetjing med same tittel 1985), ei feministisk gjenforteljing av trojakrigen frå perspektivet til den trojanske prinsessa og profeten Kassandra.

Venskapet mellom Akilles og Patroklos har sidan antikken vore fortolka som eit pederastisk forhold, noko som står sentralt i ungdomsromanen The Song of Achilles (2011, norsk omsetjing: Sangen om Akilles) av amerikanske Madeline Miller.

Av filmadaptasjonar kan filmen Troy (2004) regissert av Wolfgang Petersen nemnast.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)

svarte Ida Scott

Det er trolig en feil som har sneket seg inn da de ulike artikkeltypene ble innført nylig. Jeg har retta det opp. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

skreiv Øystein Tvede

Jeg har nettopp korrekturlest Peter Østbyes gjendiktning fra 1920 for Wikikilden: https://no.wikisource.org/wiki/Iliaden
Kan det opprettes en seksjon i artikkelen med lenke til denne?

svarte Erik Bolstad

Vi skal snart publisere nyare omsetjingar av klassiske bokverk, så eg trur vi ventar til vi har funne ut av det prosjektet. Men tusen takk!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg