close

Faktaboks

Sverre Steen
Fødd
1. august 1898, Bergen
Død
23. juni 1983, Oslo
Virke
Historikar
Familie

Foreldre: Handelsborger Johan Martin Nilsen Steen (1863–1955) og Bertha Kathrine Hopland (1858–1927).

Gift i 1933 med seinare professor Ellisiv Andrea Buch (1908–2001; se Ellisiv Steen).

Svoger til Ada Polak (1914–2010).

Sverre Steen, foto fra 1959.

Sverre Steen
Av /NTB ※.

Sverre Steen var ein av dei mest sentrale norske historikarane på 1900-talet. Han var historieprofessor ved Universitetet i Oslo frå 1938 til 1965 og skreiv om norsk historie frå mellomalderen til si eiga samtid. Steen skreiv mellom anna fire band for ellevebandsverket Det norske folks liv og historie gjennom tidene (1930–1938) og gav ut storverket Det frie Norge (1951–1972), som kom i seks band.

Steen brukte forteljing som metode. Han skreiv teoretiske artiklar i Historisk tidsskrift, men brann mest for den breie formidlinga ut mot folk flest. Med eineståande formidlingsevne og blikk for dei lange linjene førte han historieforskinga ut til det norske folket. Ofte skreiv han om historiske emne i avisene, og i den populære radioforelesinga Langsomt ble landet vårt eget, som seinare kom i bokform, nådde han menneske over heile landet.

Tidleg karriere

Sverre Steen voks opp i Bergen og gjekk ut av katedralskulen der i 1917. Familiebakgrunnen hans var ikkje utprega akademisk, men frå 1918 studerte han engelsk, norsk og historie ved Universitetet i Oslo. Her må han ha vist talent for historiefaget, for våren 1919 syrgde professor Edvard Bull for at Steen, 20 år gammal, overtok eit oppdrag om å skrive historia til postvesenet i Kristiania (Oslo).

Bull var utvilsamt Steens viktigaste rettleiar og døropnar. I 1924 vart Steen lektor i Trondheim. Bull skaffa då fleire gonger midlar slik at Steen kunne ta fri frå lektorgjerninga og vie seg til historiefaget. Steen arbeidde i denne tida med eit manuskript om samferdsle i mellomalderen i Noreg, som i 1929 vart gjeve ut under tittelen Ferd og fest.

Steen var frå 1927 stipendiat ved Universitetet i Oslo, og Bull greip igjen inn i karrieren hans. Steen tok på seg å skrive fire band i Det norske folks liv og historie, som Bull redigerte før han vart sjuk og døydde i 1932. Parallelt med avslutninga av denne oppgåva arbeidde han med historia til Kristiansand, som han gjorde ferdig i 1945. Då hadde han òg rokke å vere redaktør og sentral skribent i Norsk kulturhistorie.

Professor og formidlar

Etter at Bull døydde, vart det ei opning for Steen ved universitetet. Han vart dosent i 1933 og overtok Halvdan Kohts professorat frå 1938. Steen vart sitjande i dette embetet til han gjekk av med pensjon i 1965.

Steen heldt fram arbeidet sitt ved universitetet under den tyske okkupasjonen, men vart arrestert i oktober 1943 og sat fengsla i vel ein månad som ledd i maktkampen om universitetet. Sjølv om han kunne vende tilbake til professoratet sitt i 1945, tok verdskrigen mykje av tida og arbeidskrafta hans. Steen vart medlem av Undersøkingskommisjonen av 1945 og redaktør for verket Norges krig 1940–1945.

Etter krigen verka Steen som den dominerande skikkelsen til historiefaget i Noreg, og han vart i dei fylgjande tiåra ein sentral aktør i oppbygginga av forskingsmiljø og finansieringsordningar for forsking og utdanning. Han var til dømes sentral i danninga av Institutt for norsk historisk forsking som eit forskingsinstitutt under Noregs allmennvitskapelege forskingsråd (NAVF) i 1951, og han var viseformann i NAVF i perioden 1949–1953. Forskingsinteressa ved instituttet samla seg særleg om to felt: okkupasjonshistorie og norsk historie på 1800-talet, emne som stod i sentrum for Steens interesse etter krigen.

Steen hadde i 1930-åra etterlyst eit stort verk om 1814 og åra etter, og han skulle sjølv kome langt på veg med å realisere dette. Frå 1951 til 1962 gav han ut fem band av Det frie Norge, som behandlar norsk historie frå 1814 til 1836. Verket fekk i 1972 eit framhald i grev Wedels statthaldartid. 1800-talets historie vart òg behandla i to bøker frå 1968 og 1973 med utgangspunkt i det lokale sjølvstyret.

Sjølv om Steen tok undervisinga og sine administrative oppgåver på alvor, var det i å skrive historie han fann den store gleda si. Dels hadde han glede av å finne fram til ny kunnskap for sin eigen del. Nesten like viktig var det å formidle det nye han fann til mange. «Det er ikkje morosamt å skrive berre for ei sekt av fagfolk», sa Steen i 1968.

I 1969 gav han ut ei kortfatta, populær byhistorie for Bergen og i 1974 sine memoarar frå oppveksten der. Lengst ut nådde Steen då han i 1967 heldt ein serie føredrag i NRK radio med tittelen «Langsomt ble landet vårt eget». Føredraga vart same år gjeve ut i bokform og sidan supplert med tre bind som førte forteljinga opp til hans eiga tid. For dette verket vart han tildelt NAVFs formidlingspris.

Historiefagleg forståing

Steen heldt eksplisitte refleksjonar over teoretiske og metodiske føresetnader ute av forteljingane sine, som var vanleg for hans generasjon historikarar. Forteljargleda dominerte, ofte med sjølvironiske atterhald. I det upubliserte materialet Steen har late etter seg, finst likevel refleksjonar over grunnlagsteorien til historiefaget. Hans tankar utgjer ikkje noko konsistent system, men tek opp i seg impulsar som trekkjer i ulik retning. Tenkinga hans var prega av ei djuptgåande deling mellom faktapositivisme og hermeneutikk.

Steens forfattarskap handlar så å seie berre om norsk historie. Han kom inn i historikarmiljøet i mellomkrigstida, som var ein periode prega av strid om den nasjonale identitetsramma. I laupet av 1930-åra utvikla han ei utprega harmonisk forståing av norsk historie, prega av suksessiv integrering av nye grupper i nasjonen. Dette er på mange måtar likt Kohts tenking, men hos Steen med mindre vekt på klassekamp-perspektivet.

Med erfaringane frå den andre verdskrigen vart spørsmålet om den nasjonale identifikasjonen mindre splittande enn det hadde vore i mellomkrigstida, og slik sett harmonerte Steens grunnforståing godt med allmenne tendensar i kulturlivet. Steen tok på alvor den sanningsplikta han insisterte på at historikarar var underlagd. I ettertid verkar likevel forteljingane hans som prega av dominerande tankeformer i den modne fasen til sosialdemokratiet.

Utmerkingar

Sverre Steen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1937 og av Vitterhetsakademin i Stockholm frå 1948. Han vart æresdoktor ved Universitetet i Århus i 1954 og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1965.

Den norske historiske forening sin pris for formidling ber namnet til Sverre Steen.

Utvalde utgivingar

  • Ferd og fest. Reiseliv i norsk sagatid og middelalder (1929)
  • Det norske Folks Liv og Historie, band 4–7 (1930–1935)
  • Kristiansands historie 1–2 (1941–1948)
  • Riksrådsforhandlingene 1940 (1947)
  • Det frie Norge 1814 (1951)
  • På fallittens rand (1953)
  • Krise og avspenning (1954)
  • Det gamle samfunn (1957)
  • Konge og Storting (1962)
  • Grev Wedels stattholdertid (1972)
  • Drømmen om frihet (1973)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kobberrød, Jan Thomas (2004): Sverre Steen: sosialdemokratiets historieforteller, (avhandling dr. art.)
  • Rian, Øystein (red.) (1998): Historiske perler. Norsk historieskrivning gjennom 800 år. Oslo: Universitetsforlaget
  • Steen, Sverre (1958): Tusen års norsk historie. Artikler og avhandlinger av Sverre Steen, utgitt til hans 60 års dag. Oslo: J.W. Cappelens Forlag

Faktaboks

Sverre Steen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708032483

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg