Tibetanarar


Tibetanarar er eit folkeslag som har det gamle Tibet som heimstamn. I dag finst det knapt seks millionar tibetanarar i verda. Dei fleste bur i Folkerepublikken Kina. Fleirtalet av tibetanarar tilhøyrer tibetansk buddhisme. Dei snakkar tibetiske språk og kinesisk.
Ein trur at dei fleste talarane av tibetoburmanske språk i Sørvest-Kina, inkludert tibetanarar, nedstammar direkte frå det historiske folkeslaget qiang.[1] Den tradisjonelle eller mytologiske forklaringa på opphavet til folket er at dei stammar frå mennesket eller apen Pha Trelgen Changchup Sempa og steintrollet Ma Drag Sinmo.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje folketeljinga av 2000 i Kina var det 5 416 021 tibetanarar i landet. Dei aller fleste av tibetanarane i Kina bur i Den autonome regionen Tibet (44,81 %) og i dei tilgrensande provinsane Sichuan (23,43 %), Qinghai (20,06 %), Gansu (8,18 %) og Yunnan (2,37 %).
I den autonome regionen Tibet var i 2000 92,77 % av folkesetnaden tibetanarar (men innvandring frå hankinesiske område gjer at delen er synkande). I Qinghai utgjorde dei 22,53 %, i Gansu 1,76 % og i Sichuan 1,54 %. Mange tibetanarar lever nomadisk i Tibet og i Himalaya.

Rundt 130 000 tibetanarar lever i eksil, for det meste i Nepal, India og Bhutan.
I India bur det nær 100 000 tibetanarar, som fyrst kom til landet i 1959.[2] Dei fleste av dei bur i tibetanske enklavar som Dharamshala og Bylakuppe.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Origins and Migrations in the Extended Eastern Himalayas. BRILL, 2012, s. 309.
- ↑ «127935 Tibetans living outside Tibet: Tibetan survey». Press Trust of India. 12. april 2010. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 17 December 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Tibetanere» frå Wikipedia på bokmål, og «Tibetans» frå Wikipedia på engelsk den 3. mai 2026.