Sameflagget er påverka av tradisjonelt samisk duodji (kunsthandverk). Fargane raudt, blått, gult og grønt er vanlege på kofter, dei tradisjonelle samiske kleda.
Symbola på flagget har ikkje ei bestemd tyding. Men den delte sirkelen er eit gamalt samisk symbol. I flagget kan den raude halvdelen symbolisere sola og den blå månen. Sirkelen er òg ei vanleg form ein kan kjenne att frå både eldstad, lávvu og samiske trommer.
Sirkelen og stripene i gult og grønt er plasserte i venstre del av flagget. Dette er gjort for at det skal likne på korleis korset er plassert på mange andre nordiske flagg, for eksempel flagga til Noreg og Færøyane.