Dillslekta
Utsjånad
| Dillslekta | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Infrarike: | Streptophyta |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
| Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
| Slekt: | Dillslekta Anethum L., 1753 |
Dillslekta (Anethum) er ei planteslekt i skjermplantefamilien som stammar frå Midtausten og Sahara.[1] Ho omfattar krydderplanta dill (Anethum graveolens).
Artsnamnet kjem frå den latinske forma av dei greske orda for dill og anis, ἄνῑσον anison, ἄνησον anīson, ἄνηθον anīthon og ἄνητον anīton.[2] Anis er no plassert i ei anna slekt, Pimpinella.
I litteraturen kan ein finne fleire artar som er ført inn under denne slekta, som fennikel, men dette er ikkje i samsvar med mest vanlege systematikken i dag.
Artar
[endre | endre wikiteksten]I dag er 2 artar rekna med til slekta:[1][3]
- Anethum graveolens L. – dill
- Anethum theurkauffii Maire
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Anethum L.». Plants of the World Online. The Royal Botanic Gardens, Kew. n.d. Henta 15. mars 2026.
- ↑ Lewis, Charlton T.; Short, Charles (1879). «ănēthum». A Latin Dictionary. Perseus Digital Library.
- ↑ «Anethum L.». World Flora Online. World Flora Consortium. December 2025. Henta 15. mars 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Dillsläktet» frå Wikipedia på svensk, den 9. april 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Dillslekta hos Artsdatabanken
- (en) Dillslekta i Catalogue of Life
- (en) Dillslekta i Encyclopedia of Life
- (en) Dillslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Dillslekta hos Dyntaxa
- (en) Dillslekta hos ITIS
- (en) Dillslekta hos NCBI
- (en) Dillslekta hos Plants of the World Online
- (en) Dillslekta hos The International Plant Names Index
- (en) Dillslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Anethum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons