close
Hopp til innhald

Hunedoara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hunedoara
by
Hunyadslottet i Hunedoara
Våpenskjold
Land  Romania
Fylke Hunedoara
Høgd 278 m
Areal 97,000000 km²
Folketal 50 457 (1. desember 2021)
Borgarmeister Dan Bobouțanu
Postnummer 331128
Retningsnummer +40 02 54
Bilnummer HD
Kart
Hunedoara
45°46′11″N 22°55′13″E / 45.769722222222°N 22.920277777778°E / 45.769722222222; 22.920277777778
Wikimedia Commons: Hunedoara

Hunedoara[a] er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.

I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumensk Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.

I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.

Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Hunedoara innanfor Hunedoara fylke

Hunedoara er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

BusetnadFolketal 2011[1]Folketal 2021[2]
Hunedoara57 88548 097
Răcăștia562486
Boș477463
Groș7175
Hășdat386348
Peștișu Mare1 144988

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Hunedoara, fylkeshovudstaden Deva, bykommunane Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[3]

  1. tysk Eisenmarkt, ungarsk Vajdahunyad

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hunedoara