close
Hopp til innhald

Kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fjellet med same namn, sjå Kyrkja i Jotunheimen.
Bysantinsk måleri av pinsehendinga, til minne om at Den heilage anden kom til apostlane. Dette blir rekna som byrjinga til den kristne kyrkja.

Kyrkja er ei nemning som blir brukt om heile det kristne samfunnet,[1][2] eller om eit særskild kyrkjesamfunn, som Den norske kyrkja eller Den katolske kyrkja.[3]

I typisk protestantisk terminologi er «Kyrkja» ei fellesnemning for alle kristne forsamlingar og kyrkjelydar. Innanfor Den katolske kyrkja vert nemninga «Kyrkja» brukt synonymt med den katolske – det vil seie den allmenne, universelle kyrkja. Tilsvarande avgrensa tyding er vanleg innanfor ortodoks kristendom.[4]

Den katolske kyrkja reknar paven som overhovud for Kyrkja, ei makt han i følgje Mat. 16,18[5] har fått av Jesus Kristus sjølv.

I protestantisk forståing er Kyrkja Jesu Kristi kropp, jf. 1. Kor. 12,27[6] og Kol. 1,18.[7]

  1. «Hva er kirken? - To økumeniske bidrag» (PDF), Norges kristne råds skriftserie
  2. Jan Bygstad, Den synlige og usynlig kirke. (PDF)
  3. «25 spørsmål og svar om katolsk tro», www.katolsk.no (på norsk bokmål), henta 12. april 2026
  4. «The Original Christian Church» (på engelsk). Orthodox Church in America. Henta 27. juni 2021.
  5. Mat 16:18
  6. 1. Kor. 12:27
  7. Kol 1:18