close
Hopp til innhald

Ludlow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ludlow (fleirtyding).
Ludlow
by
Land  England
Region Shropshire
Folketal 10 266 (2011)[1]
Postnummer SY8
Retningsnummer 0 1584
Kart
Ludlow
52°22′00″N 2°43′00″W / 52.366666666667°N 2.7166666666667°W / 52.366666666667; -2.7166666666667
Wikimedia Commons: Ludlow

Ludlow er ein markandsby i grevskapet Shropshire i England nær grensa til Wales. Han har kring 10 000 innbyggjarar og ligg i ein sving i elva Teme på austsida. Byen er bygd på ein liten ås og på toppen av åsen ligg Ludlow Castle og marknadsplassen. Frå der går gatene nedover mot Teme og nordover mot elva Corve. Byen har intakte bymurar frå mellomalderen.

Dinham bru over elva Teme nær Ludlow Castle.

Ludlow har nesten 500 verna bygningar.[2] Dei omfattar fine døme på bygningar frå mellomalderen og tudortida. Soknekyrkja St Laurence Church er den største i grevskapet.[3]

  1. «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.
  2. «Ludlow's Buildings». Henta 25. juli 2011.
  3. Mawer, Fred (25. juli 2011). «Getting a Taste for Ludlow». The Daily Telegraph (London). Henta 17. september 2007.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ludlow