close
Hopp til innhald

Mashhad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mashhad
by
Land  Iran
Areal 328 km²
Folketal 3 001 184 (2016)[1][2]
Kart
Mashhad
36°17′51″N 59°36′21″E / 36.297494444444°N 59.605923055556°E / 36.297494444444; 59.605923055556
Wikimedia Commons: Mashhad

Mashhad er ein by nordaust i Iran, kring 750 km aust for Teheran, og hovudstad i provinsen Razavi-Khorasan. Han er nest største byen i landet, og hadde i 2016 over 3,3 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Byen vert rekna som ein av dei heilagste i sjiaislam, av di den åttande sjiamuslimske imamen Reza etter tradisjonen vart gravlagd her.

Byene heitte opphavleg Sanaba. På slutten av 900-talet var han ein liten landsby. Etter den mongolske invasjonen i området busette mange overlevande seg i Sanabad. Frå slutten av 1400-talet var byen det største sentrumet i regionen.