close
Hopp til innhald

Rogfast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rogfast
StadRogaland
Lengd30 000 m (26 700 m tunnel)
Totalt 60 000
Kart
Rogfast
59°05′10″N 5°27′19″E / 59.086111111111°N 5.4552777777778°E / 59.086111111111; 5.4552777777778

Rogfast er eit vegprosjekt under bygging på europaveg 39 som vil gje eit ferjefritt vegsamband mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden. Rogfast er ein del av prosjektet Ferjefri E39.

Hovuddelen av Rogfast er den 26,7 kilometer lange Boknafjordtunnelen, som blir den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda. I tillegg kjem tunnelarmen Kvitsøytunnelen som vil gje Kvitsøy fastlandssamband.

Dei to tunnelane vil erstatta ferjesambanda Mortavika–Arsvågen og Kvitsøy–Mekjarvik.

Prosjektet er politisk vedteke, og dei førebuande arbeida vart sette i gang 4. januar 2018.[1] Seinare same år vart prosjektet stogga grunna stor kostnadsauke.

Etter at prosjektet vart stogga, gjekk gjennom Statens vegvesen prosjektet for å kutta kostnader. I oktober 2020 vart den nye utbyggingskostnaden rekna til 24,8 milliardar kroner, og i november gav regjeringa grønt lyst for finansiering og bygging.[2][3][4] Staten skal finansiera 40 prosent av utbygginga.[2] Byggjestart var i september 2021, med berekna ferdigstilling i 2031 og estimert opningsår 2033.[5][6][7][8]

I Tertialrapport frå 31. august 2025 anslo Statens vegvesen ein sluttkostnadd på 27,7 milliardar kroner.[9]

Planlegging og finansiering

[endre | endre wikiteksten]

Ideen om ei ferjefri kryssing av Boknafjorden har versert i fleire tiår. Utover i 1990-åra byrja planane å verte meir konkrete, og etter tusenårsskiftet gjennomførte Statens vegvesen ei konsekvensutgreiing. I utgreiingsfasen vurderte etaten to alternativ: tunnel og flytebru.[10] Vegvesenet tilrådde seinare å gå for ein undersjøisk tunnel, Boknafjordtunnelen, mellom Randaberg i sør og Bokn i nord. Konsekvensutgreiinga vart vedteken i 2003, og Miljøverndepartementet godkjende planane i 2004.[11]

Den vidare planlegginga av prosjektet omfatta ti ulike reguleringsplanar, og Rogfast vart justert fleire gonger undervegs i planprosessen. Mellom anna vart den største stigninga i Boknafjordtunnelen nedjustert frå 7 til 5 prosents stigning, for å redusera faren for varmgang i større køyretøy.[12]

16. januar 2012 byrja Statens vegvesen med seismiske undersøkingar ved Kvitsøy for å sjekka fjellkvaliteten der ein eventuell tunnel skulle byggjast.[13] Regjeringa vedtok Rogfast i statsbudsjettet oktober 2016, og prosjektet vart endeleg godkjend av Stortinget 23. mai 2017.[14][15] Kostnadsramma var 16,8 milliardar 2017-kroner. Av dette skulle staten dekkja 5,1 milliardar kroner, resten skulle finansierast av bilistane gjennom bompengar. I 2017 vart bomtaksten for ein personbil rekna til 360 kroner utan rabatt, og 288 kroner med rabatt.[16]

Oppstart og byggjestopp

[endre | endre wikiteksten]

Første salve i prosjektet gikk av i januar 2018, med opphavleg forventa ferdigstilling i 2025–2026.[17][16] Ein full oppstart lot venta på seg grunna forseinkingar med kontrakta på Kvitsøytunnelen. Våren 2019 vart opningsdato for Rogfast utsett til 2027.[3]

Då Kvitsøy-kontrakta i 2019 viste seg å verte 1 milliard dyrare enn planlagd, tok Statens vegvesen ein ny gjennomgang av kostnadene. Det viste seg at heile prosjektet ville kosta rundt 25 milliardar 2019-kroner – 6,4 milliardar meir enn kostnadsramma Stortinget vedtok. Dette førte til at prosjektet vart stansa og gått gjennom på nytt.[18][19]

I april 2020 kunngjorde Statens vegvesen at prosjektkostnadene kunne reduserast med inntil 4 milliardar kroner.[20] I oktober 2020 presenterte vegvesenet eit oppdatert kostnadsoverslag på 20,6 milliardar kroner.[21] Eit nytt finansieringsopplegg måtte godkjennast av Stortinget etter at Samferdselsdepartementet og samferdselsminister Knut Arild Hareide hadde vurdert dei nye tala.[22][23]

I november 2020 vedtok regjeringa proposisjon om Rogfast. Den nye totalsummen er berekna til 24,8 milliardar kroner. Staten auka sin del med 3,9 milliardar kroner, noko som gjorde at det statlege bidraget vil utgjera 40 prosent av totalen, om lag 10 milliardar kroner.[24]

Framdriftsplan

[endre | endre wikiteksten]

Dei førebuande arbeida på utbygginga byrja vinteren 2018, men stoppa opp seinare same året. Etter at Stortinget i desember 2020 ga sin tilslutning til finansieringa, vart Kvitsøy-kontrakten E15 utlyst vinteren 2021 og arbeidet vart starta opp att 22. september 2021.[7][25] Tunnelane og vegen var planlagt ppna for trafikk sommaren 2031,[5] men nye berekningar syner at vegen truleg fyrst vil vera klar i 2033.[8] For å sikre god konkurranse og overkommeleg storleik på oppdraga, er tunnelarbeida delte opp i fire entreprisar. Dei vert utlyste separat, og kontraktane er tildelt etter forhandlingar med forhåndskvalifiserte tilbydarar:[6]

  • Kvitsøy-kontrakten (E15). Tunnelarmen frå Boknafjordtunnelen og opp til Kvitsøy (kontraktsnummer E15) vart lyst ut i januar 2021. Risa/Hæhre fekk oppdraget, og byggjestart var 22. september 2021. E15 vart fullført våren 2024. Kvitsøytunnelen er ferdig driven ned til Kvitsøykrysset
  • Randaberg-kontrakten (E03), den sørlege delen av Boknafjordtunnelen, vart lyst ut i 2021, og tildelt entreprenørfellesskapen Implenia–Stangeland. Kontraktsinngåing var 6. januar 2023, med byggjestart første halvår 2023.[26][27][28]
  • Bokn-kontrakten (E04), den nordlege delen av Boknafjordtunnelen, vart lyst ut våren 2022 og tildelt Skanska Norge AS i november same år, med byggjestart tidleg i 2023.[29][28]
  • Kvitsøy kontrakten er (E02) er tildelt entreprenørfellesskapen Implenia–Stangeland i mai 2024. Denne kontrakten inkluderer Kvitsøykrysset og to ventilasjonssjakter. Sjaktene er drivne av det Austerikske firmaet Östu-Stettin. Den fyrste sjakta hadde gjennomslag 24. februar 2026.

Prosjektet er i mars 2025 halvegs i tunneldrivinga. Ei av to sjakter hadde gjennomslag 24.02.2026. Denne sjakta er 231 m djup.[30]

Om prosjektet

[endre | endre wikiteksten]

I Rogfast skal det byggjast omlag 60 kilometer med vegar og tunnelar. Den lengste blir Boknafjordtunnelen som får to løp – kvar på 26,7 kilometer. I tillegg skal det byggjast eit planfritt kryss som koplar saman Boknafjordtunnelen og Kvitsøytunnelen, som blir eit eitt-løps avstikkar til Kvitsøy. E39-delen av prosjektet, inkludert Boknafjordtunnelen, blir bygd som motorveg med fire felt. Saman med utbyggjinga av E39 i Agder og Sør-Rogaland, vil dette gje samanhengande motorveg frå Kristiansand til Bokn.[31]

Boknafjordtunnelen blir den djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Det lågaste punktet i tunnelen blir 392 meter under havet, mot Bømlafjordtunnelens 260 meter, Eiksundsambandets 287 meter, Ryfylketunnelens 291 meter og Oslofjordtunnelens 134 meter.[32]

Rogfast består av fleire delprosjekt i tillegg til Boknafjordtunnelen og Kvitsøytunnelen. Prosjektet omfattar også vegstrekningar i dagen på Kvitsøy, Randaberg og Bokn. I tillegg kjem utfylling av tunnelmasse på Mekjarvik og på Kvitsøy og dessutan bygging av ventilasjonssjakter og ombygging av fleire kryss.

  1. «I dag starter byggingen på gigantprosjektet til 16,8 milliarder». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 29. april 2020.
  2. 1 2 Akhtar, Syed Ali Shahbaz (20. november 2020). «Regjeringen klar for å gå videre med Rogfast». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. november 2020.
  3. 1 2 Jøssang, Tor Inge. «Rogfast forsinkes ett år til». Aftenbladet (på norsk). Henta 16. juli 2019.
  4. Amundsen, Bjørn Olav (29. april 2020). «Vegvesenet om Rogfast: Over 4 milliarder kan kuttes». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 20. april 2021. Henta 29. april 2020.
  5. 1 2 «Ny pris på Rogfast - ferdig i 2031». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 25. oktober 2020.
  6. 1 2 «Rogfast til Stortinget i desember». Næringsforeningen Haugalandet (på norsk bokmål). 21. oktober 2020. Henta 25. oktober 2020.
  7. 1 2 «E39 Rogfast: – Dette er en dag med historisk sus». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 27. september 2021.
  8. 1 2 Skoglund, Jarle (14. januar 2022). «Disse 9 entreprenørene har søkt prekvalifisering på den store Rogfast-kontrakten». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 16. januar 2022. Henta 16. januar 2022.
  9. «Årsrapporter og tertialrapporter for Statens vegvesen». Statens vegvesen (på norsk). Henta 16. mars 2026.
  10. «Rogfast kan bli flytebru». NRK. 25. januar 2012. Henta 18. august 2012.
  11. «Bakgrunn | Statens vegvesen». Statens vegvesen (på norsk). Arkivert frå originalen 28. desember 2019. Henta 24. juni 2017.
  12. Molde, Alf Inge (8. juli 2016). «Snart klart for verdens lengste og sikreste tunnel». Fri Fagbevegelse (på norsk bokmål). «I kommunedelplanen har vi sagt at vi vil vokse opp til 700 innbyggere. Men vi ønsker ikke å bli en tett befolket holme. Vi er forsiktige, blant annet av hensyn til landbruket.»
  13. Sjekkar fjellkvaliteten i Rogfast-traseen Arkivert 27. mai 2012 på Wayback Machine. Statens vegvesen
  14. «Stortinget vedtok Rogfast | Statens vegvesen». Statens vegvesen (på norsk). Arkivert frå originalen 6. juni 2017. Henta 22. juni 2017.
  15. «Grønt lys for byggingen av verdens lengste og dypeste biltunnel». Teknisk Ukeblad. 6. oktober 2016. Henta 6. oktober 2016.
  16. 1 2 «Rogfast: Verdens lengste og dypeste undersjøiske veitunnel». Regjeringen.no (på norsk). 5. april 2017. Henta 22. juni 2017.
  17. Røed, Geir (6. januar 2018). «Her smeller startskuddet for gigant-tunnelen». motor.no (på norsk). Henta 16. juli 2019.
  18. «Bekrefter ny utsettelse for Rogfast». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 29. april 2020.
  19. Torgersen, Hilde (29. april 2020). «Sprekk på 6 mrd. utsetter Rogfast: – Skandale, mener Senterpartiet». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. april 2020. «Onsdag kom meldingen om at samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) skal gå gjennom hele Rogfast på nytt, og så sende saken tilbake til Stortinget for ny behandling. Årsaken er at den totale kostnadsrammen på 18,6 milliarder kroner trolig sprekker med over seks milliarder.»
  20. Amundsen, Bjørn Olav (29. april 2020). «Vegvesenet om Rogfast: Over 4 milliarder kan kuttes». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 20. april 2021. Henta 29. april 2020.
  21. «Ny pris på Rogfast - ferdig i 2031». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 25. oktober 2020.
  22. Samferdselsdepartementet (29. april 2020). «Kostnadsoverskridelser i Rogfast: Samferdselsministeren orientert om mulig kutt». Regjeringen.no (på norsk). Henta 29. april 2020.
  23. NRK (13. august 2020). «Avklaring om Rogfast i haust». NRK. Henta 13. august 2020.
  24. Akhtar, Syed Ali Shahbaz (20. november 2020), «Regjeringen klar for å gå videre med Rogfast», NRK (på norsk bokmål), henta 8. april 2026
  25. Amundsen, Bjørn Olav (23. september 2021). «Første spadestikk på Rogfast». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 27. september 2021. Henta 27. september 2021.
  26. Amundsen, Bjørn Olav (6. januar 2023). «Signerte Rogfast-kontrakt på 4 milliarder kroner». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 8. januar 2023. Henta 8. januar 2023.
  27. «E39 Rogfast: En av tre store kontrakter er lyst ut». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Henta 27. november 2022.
  28. 1 2 Amundsen, Bjørn Olav (16. november 2022). «Rogfast: Skanska fikk den første store kontrakten til 5 mrd». Veier24.no (på norsk). Arkivert frå originalen 27. november 2022. Henta 27. november 2022.
  29. «Første store Rogfast-kontrakten er tildelt: Dyrere enn ventet». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 27. november 2022.
  30. Aga, Frode (24. februar 2026). «(+) Rogfast-milepæl: Her er det 231 meter rett ned». anlegg.bygg.no (på norsk bokmål). Henta 7. april 2026.
  31. «E39 Sørvest». Nye Veier AS (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 23. september 2020. Henta 29. april 2020.
  32. «E39 Rogfast». Statens vegvesen. 2014.