Nesten heile jordbruksarealet er dyrka og udyrka eng, og husdyrhald er den viktigaste driftsforma. Det er mest sau som utnyttar fjellbeita, men også mykje geit; Aurland har flest geiter blant kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Det er noko bringebærproduksjon. Fruktdyrkinga har ikkje lenger særleg betydning. Ved Aurland skofabrikk produserer dei Aurlandsskoen.
Med den praktfulle naturen har Aurland stor turisttrafikk, og med vegutbygginga i dei siste åra er denne i vekst. I 2019 kom det over éin million turistar til kommunen, og 270 000 kom med cruiseskip til Flåm. Det er fleire hotell og turisthytter her, mellom anna knytt til populære fotturistruter. Hovudsakleg er desse lokaliserte på Fretheim i Flåm. Det er ei ziplinebane i Flåmsdalen.
Kommunen har store kraftressursar, ikkje minst på grunn av dei store høgtliggjande områda. Aurlandsvassdraget er utbygd med i alt 1120 MW maksimal yting og 2618 GWh gjennomsnittleg årsproduksjon. Flåmsvassdraget er berre utbygd i beskjeden grad (8,3 MW). Undredalselva og Flåmselva inngår i Samla plan for vassdrag og er førebels ikkje aktuelle for utbygging.
Aurland er kommunen med femte størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei ti vasskraftverka i kommunen produserer til saman 2826 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Aurland I (i drift fra 1973), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Aurland II H (1983) og Aurland II L (1982). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.