Hans Hyldbakk var ein norsk forfattar og lokalhistorikar. Han skreiv «Vårsøg» og andre folkekjære dikt – og meir enn 11 000 sider lokalhistorie.
Hans Hyldbakk
Faktaboks
- Fødd
- 8. mai 1898, Surnadal
- Død
- 18. august 2001, Surnadal
- Virke
- Diktar og lokalhistorikar
- Familie
-
Foreldre: Tømmermann Peder Pedersen Hyldbakk (1860–1953) og Rannei Eriksdatter Øien (1862–1927).
Ugift.
Foto 1997. Bilde fra Norsk biografisk leksikon
Bakgrunn
Hans Hyldbakk var fødd og voks opp i Surnadal. I unge år arbeidde han som gardsdreng og dreiv som bokseljar og salsagent. Møtet med Nordmøre folkehøgskule og styrar Eirik Øverås i 1923 inspirerte. Skulen gav ut kulturavisa Heimveg, der Hyldbakk vart medarbeidar. Han utvikla eit stilsikkert språk med ein personleg, munnleg grunntone. I åra 1939–1942 var han redaktør i Heimveg, men innstilte drifta i protest mot nazifiseringa under andre verdskrigen.
Lyrikk
Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929. Nynorsken hans fekk tidleg ein munnleg, nordmørsk grunntone, som han brukte både i dikt og sakprosa. Fleire av dei mest kjende dikta er skrivne på dialekt. Forfattaren Edvard Hoem meiner dialekten stengde vegen til det store publikum, men at vegen vart opna igjen av samspelet med musikken til Henning Sommerro.
Lyrikaren Hyldbakk skreiv rytmesikkert i bunden form. Han er med i mange dikt- og viseantologiar. Surnadal Heimbygdlag gav ut Vårsøg, dikt i samling i 1990. Diktet «Vårsøg» skreiv han i april 1945, i forkant av frigjeringa. Tittelen rommar altså meir enn «susing av vind og rennande vatn om våren», som er den vanlege tydinga av ordet.
Hyldbakk bar på ein draum om å skrive den store romanen, men opplevde å bli refusert då han var tidleg i 30-åra, og la draumen til sides. Han kom aldri inn i noko litterært miljø. Rett nok var Hyldbakk medlem av Den norske Forfatterforening i godt over 60 år, men var berre på eitt einaste møte. Då han døydde, var han den eldste medlemmen i forfattarforeininga.
Dikta «Vårsøg» og «E slåttatæja», med tone av sambygdingen Henning Sommerro, er blant dei kjæraste nyare visene våre. Samarbeidet gjorde lyrikken til Hyldbakk landskjend.
Den tiande diktsamlinga hans kom ut det året han fylte hundre år. Til 100-årsdagen i 1998 kom biografien om Hans Hyldbakk, og i 2008 eit utval dikt og tekstar i boka Vårsøglandet.
Lokalhistorie
Hyldbakk skreiv òg om lag 11 000 sider lokalhistorie, mellom anna i bygdebøker for seks kommunar. Spalta «Brev frå Kleiva» i avisa Driva var folkelesnad på Nordmøre og i Romsdal i nesten 30 år.
I tillegg til dette skreiv Hyldbakk seks prosabøker og sju jubileumsskrift. Han var lokal medarbeidar i Norsk Ordbok, Sæterbruk i Noreg og Gards- og grannesamfunn i Norge.
Sjølv sa han ofte at dikta berre var «biprodukt», det lokalhistoriske arbeidet var viktigast. Øvst sette han pionerverket Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (1942). Han var den første som systematisk samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden, og «dei små» går att i alt han har skrive – dei som stridde i små kår, men som ikkje levde små liv.
Alle bygdebøkene hans kom mellom 1942 og 1972. Alle diktsamlingane, med eitt unntak, kom ut før 1942 og etter 1972. Det vil ikkje seie at han berre skreiv historie i 30 år, men fortel korleis den arbeidssame og nøysame Hyldbakk måtte prioritere for å leve av skrivinga.
Teater
Teaterstykket No skin det sol (1995), Hyldbakk-tekstar samla av Vidar Sandem, sette publikumsrekord for Teatret Vårt i Møre og Romsdal.
Ettermæle
Hyldbakk fekk mellom anna fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1973, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1976 og Kongens fortenstmedalje i gull i 1994.
Eit sentralt motiv for både historikaren og lyrikaren Hyldbakk var kjærleiken til heimbygda og medmenneska. Likevel var han til tider omstridd i heimbygda. Han var frittalande og ærleg, og framstilte aldri seg sjølv som noko dydsmønster. I tillegg budde han i 52 år for seg sjølv oppe på Kleiva, høgt over bygda. Der tok han den sjølvironiske tittelen «Kleivakongen».
Hyldbakk gav heimen sin på Kleiva og alle pengane sine – ein million kroner – til Surnadal kommune, som årleg deler ut Kleivaprisen og tilskot frå Kleivafondet. Pengane skulle gå til «kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke stjerneidrett og fotball».
Heimen til Hyldbakk vart eit landemerke på Nordmøre og midtpunkt i Vårsøghelga, ein kulturfestival i Surnadal som har blitt arrangert kvart år sidan 1995. Helga hadde namn etter diktet «Vårsøg». Etter at ordføraren i Surnadal hausten 2025 kom med ei kunngjering om at Hyldbakk kanskje stod bak fleire overgrep mot barn, bytta festivalen namn.
Utgivingar
-
Diktsamlingar
- Harpespel, 1929
- På vandringsveg, 1930
- På heimveg, 1937
- Heimbygdsvers, 1942
- Etter-rakster, 1946
- Aspa skjelv i Øyalia, 1974
- Lauvfall i Litlsalen, 1976
- Prologar og høvesdikt, 1977
- Kveldsvers frå Kleiva, 1986
- Vårsøg (dikt i samling), 1990
- Lauvfall, 1998
-
Prosa
- Kleivabrev frå krigstida, 1945
- Ei haustferd på Nordmøre 1934, 1951
- Streiftog i bygda, 1971
- Brev frå barndommen, 1984
- Agent nr. 184, 1987
- Brev frå Kleiva, 1989
-
Lokalhistorie
- Husmenn og husmannsplassar i Surnadal, 2 bind, 1942 (ny utgåve Heimar i Surnadal, 1966–1968)
- Gards- og ættesoge for Surnadal, 2 bind, 1947–1949 (ny utgåve, 3 bind, 1980–1981)
- Heimar og ætter i Stangvik, 2 bind, 1953–54 (ny utgåve 1981–1982)
- Folk og heimar i Åsskard, 1955 (ny utgåve 1987)
- Bygdesoge for Surnadal, 2 bind, 1957–1959
- Gards- og ættesoge for Tingvoll, 3 bind, 1961–1965
- Gards- og ættesoge for Rindal, 3 bind, 1964–1967
- Gards- og ættesoge for Frei, 2 bind, 1971–1972
- Gammalt frå Surnadal, 1972
- Setrane i Surnadal, 1975
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Sæter, Einar. & Svein Sæter: Hans Hyldbakk: samtale med ein 100-åring, 1998
- Sæter, Svein: «Hans Hyldbakk», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. 2001
- Sæter, Svein (red.): Vårsøglandet. Dikt og tekster av Hans Hyldbakk. Oslo 2008
- Du mitt Nordmøre, 1998 (tema: Hans Hyldbakk)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.