Etter tida som journalist konsentrerte han seg om å skrive krigshistorie, og frå 1972 var han statsstipendiat. I tillegg var han sterkt engasjert i tilhøva krigsveteranane hadde i samfunnet som sivile, og arbeidde aktivt for deira rettar til mellom anna fullverdig pensjon og helsehjelp.
Ulstein har gitt ein omfattande historisk dokumentasjon av den norske motstandskampen. Det han skreiv, byggjer ikkje berre på eigne opplevingar, men endå meir på eit tusental intervju han har gjort med motstandsfolk, grenselosar, flyktningar, hemmelege agentar, englandsfararar og nokre av dei jødane som overlevde krigen. Noko av det første han skreiv om var englandsfararane, som med fare for eige liv kom seg over Nordsjøen til Shetland for å frakte dei som måtte flykte, ofte i små og skrøpelege båtar. Dette arbeidet resulterte i to band om englandsfarten.
Seinare brukte han det omfattande lydbandmaterialet han hadde frå intervju med svenskelosar og mange av dei som flykta over svenskegrensa, til å skrive tre band om svensketrafikken. Han skreiv òg om motstandskampen på øyane utanfor Ålesund; Godøya, Giske og Vigra, i boka Småsamfunn i storkrig, og etter det skreiv han trebandsverket om etterretningstenesta i Noreg i krigsåra.
Han var heile tida oppteken av jødane sin lagnad, og skreiv i 1995 boka Jødar på flukt. Der skildrar han historia til mange av dei norske jødane, både dei som døydde i Holocaust og dei som greidde å kome seg unna. Han sa sjølv at det var eit kall for han å skrive denne boka. «Det forferdelege som skjedde med jødane, er eit evig Kainsmerke i vår slekt», sa han sjølv.
I 1999 skreiv han krigshistoria til si eiga heimbygd, Ulsteinvik: Lagunen og stormen: Ulstein – bygd i Europa 1940–45. I denne boka beskreiv Ulstein korleis det arta seg for dei unge soldatane som vende heim, berre for å oppdage at dei hadde «mista» fem viktige ungdomsår og dermed stilte bakerst i alle køar i fredssamfunnet.
For Ragnar Ulstein sjølv vart det annleis. Han var velferdsoffiser i den fyrste Tysklandsbrigaden, Brig 471 i Harz-området i 1947. Han var overtydd om at ein ikkje berre skulle okkupere ein slagen fiende, men òg hjelpe fram eit nytt demokrati. Men tida var ikkje moden for det, og han vende litt skuffa heimover, som ein overtydd tilhengjar av NATO og eit organisert europeisk samarbeid.
Gjennom Ulstein sin store innsats har tusenvis av motstandskjemparar, som elles hadde vorte gløymde av samtida og ettertida, vorte registrerte og trekte fram i lyset. Det omfattande registreringsmaterialet, som ikkje minst kona hans Jenny Hermine Ulstein har skrive av og katalogisert, er no overført til Heimefrontmuseet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.