close
Reykholt.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Reykholt er Snorre Sturlasons hovudgard i Borgarbyggð på Vest-Island, 155 kilometer nordaust for hovudstaden Reykjavík. Her blei Snorre drepen i 1241.

Faktaboks

Uttale
reik-hålt

I 1947 blei Noregs nasjonalgåve til Island, Snorrestatuen av Gustav Vigeland, avduka på Reykholt. Det steinsette badebassenget Snorralaug på Reykholt er eit av dei eldste varme bada på Island. Snorrastofa kultur- og mellomaldersenter opna her i 2000.

Reykholt har vore kyrkjestad sidan tidleg kristen tid. Reykholt har i dag to kyrkjer: ei trekyrkje som blei bygd i 1886–1887, og ei ny kyrkje som blei innvigd i 1996.

Reykholt på Sør-Island

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Reykholt er òg namnet på ein tettstad i Bláskógabyggð kommune, sør for Strokkur og Gullfoss. Staden har varme kjelder og store drivhus og er eit utgangspunkt for å vitje dei mange naturattraksjonane i kommunen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg