close
Ukrainsk Hopak, dansa av gruppa Chervona Kalyna på kulturhuset Berezil i Ternopil, under folkedansfestivalen Chervona Kalyna 29. august 2015.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Hopak er ein ukrainsk dans som ofte vert knytt til området rundt Dnipro, og forskarar har sett i dansen i samanheng med praksisar der frå 1500–1600-talet. Kozachok (kosakkdans) er ein annan nærslekta ukrainsk dans. Begge spreidde seg etter kvart til Russland og Polen.

Faktaboks

Uttale

hopak

Etymologi

truleg av det ukrainske verbet hopaty (‘å hoppa’).

Også kjend som

gopak

Eit sentralt element i hopak og beslekta dansar er rørsler der dansaren sit djupt på huk og sparkar den ledige foten fram. I slavisk terminologi vert dette ofte kalla prysjadka eller prisiadka. Ei parallel rørsle finst i halling (Noreg og Sverige), der elementet mellom anna er kjent under namnet kruking.

Frå siste halvdel av 1900-talet er hopak i stor grad vorten formidla internasjonalt gjennom stiliserte sceneframføringar. I sovjettida vart danseformer frå dei mange nasjonane i landet omforma til stramme koreografiar. Ein ville symbolisera den sovjetiske einskapen i mangfaldet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Aksel-Johan Hegrem

Hei! Hvorfor kaller snl det for en russisk dans. Når det samtidig i teksten står at den kommer fra Ukraina. Er det ikke da en ukrainsk dans?

svarte Anne Eilertsen

Hei! Takk for innspillet, artikkelen er rettet opp.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg