close
Vindusmyggen Sylvicola fenestralis. Slekta Sylvicola er den hyppigaste slekta av vindusmygg ein treff i Europa.

Vindusmygg er ein familie av insekt i ordenen tovinger. Det er kjent litt over 120 artar i verda, fordelt i seks slekter og to underfamiliar. Den eine underfamilien, Mycetobiinae, blir stundom rekna som ein eigen familie, Mycetobiidae (som på norsk har namnet sevjemygg). I Noreg er det påvist åtte artar vindusmygg totalt, sju i slekta Sylvicola og éin i slekta Mycetobia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anisopodidae

Dei er små mygg som ikkje syg blod. Larvane til Sylvicola-artane utviklar seg fuktig, rotnande plantemateriale som frukt, potet, tresaft eller kumøkk. Larvane til Mycetobia lever i små grupper under borken til daude tre, i sevje, rotehol eller andre miljø knytt til daud og rotnande ved.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Animalia dyreriket
Rekkje Arthropoda leddyr
Klasse Insecta insekt, insekter
Orden Diptera tovinger, tovenger
Familie Anisopodidae vindaugsmygg, vindusmygg

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anisopodidae
Artsdatabanken-ID
18103
GBIF-ID
7271

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg