close
Hopp til innhald

Schengenavtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ EU-land som har godkjent avtalen ██ Land utanfor EU som har godkjent avtalen ██ Framtidige medlemsland ██ EU-land som delvis har godkjent avtalen
Monument over avtalen i Schengen i Luxembourg.
Eit typisk grenseskilt mellom to land (teksten på skiltet skifter frå land til land).

Schengenavtalen vart inngått av Vest-Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Luxembourg i juni 1985 på skipet «Princesse Marie-Astrid» på Moselelva nær landsbyen Schengen i Luxembourg, ved den franske og tyske grensa.

Formålet var å byta ut grensepostane og grensekontrollane mellom landa med eksterne grensekontrollar. Den 19. juni 1990 underteikna dei fem landa Schengenavtalen. Han er i dag utvida til å gjelda 29 land i Europa. Det er ingen ordinær passkontroll mellom medlemslanda.

Noreg i Schengen

[endre | endre wikiteksten]

Stortinget vedtok 9. juni 1997 at Noreg skulle slutta seg til Schengenavtalen, med røystene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingspartia som var mot norsk tilslutning til avtalen var Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.

Noreg vart saman med dei andre nordiske landa del av Schengen-området 25. mars 2001.

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
Medlemsland
#LandVerksam
1 Tyskland126. mars 1995
2 Nederland26. mars 1995
3 Belgia26. mars 1995
4 Luxembourg26. mars 1995
5 Frankrike26. mars 1995
6 Spania26. mars 1995
7 Portugal26. mars 1995
8 Italia26. oktober 1997
9 Austerrike1. desember 1997
10 Hellas26. mars 2000
11 Island25. mars 2001
12 Noreg25. mars 2001
13 Sverige25. mars 2001
14 Danmark25. mars 2001
15 Finland25. mars 2001
16 Estland21. desember 20072
17 Latvia21. desember 20072
18 Litauen21. desember 20072
19 Polen21. desember 20072
20 Tsjekkia21. desember 20072
21 Slovakia21. desember 20072
22 Ungarn21. desember 20072
23 Slovenia21. desember 20072
24 Malta21. desember 20072
25 Sveits21. desember 20073
26 Liechtenstein19. desember 2011
27 Kroatia1. januar 2023[1]
28 Bulgaria31. mars 2024
29 Romania31. mars 2024
- Republikken KyprosSøkjarland
Unnatak
StadLand
 SvalbardNoreg
 GrønlandDanmark
 FærøyaneDanmark
 ArubaNederland
 CuraçaoNederland
 Sint MaartenNederland
Flagget til Hellas ÁthosHellas
 Fransk GuyanaFrankrike
 GuadeloupeFrankrike
 Réunion
og andre franske
område utanfor Europa
Frankrike
Flagget til Spania CeutaSpania
Flagget til Spania MelillaSpania

1 Då traktaten vart verksam i 1995, var Vest-Tyskland og Aust-Tyskland på ny sameint. Difor var berre Vest-Tyskland med i 1985 då traktaten vart inngått.
2 Traktaten vart verksam til lands og til havs i desse ni landa på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 30. mars 2008.
3 Traktaten vart verksam i kraft til lands i Sveits på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 29. mars 2009.

  1. «Schengenområdet: Rådet beslutter at ophæve grænsekontrol med Kroatien» (på dansk). Det Europeiske Råd. 8. desember 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]