Slepegravemaskin

Slepegravemaskin er ei gravemaskin som blir slepa etter ein traktor. Desse hadde ei viss utbreiing i tida før ein tok til å montera maskinane direkte på traktorane. Graveagregatet var montert på ei ramme med hjul og dei kunne vera drivne av ein separat motor, eller frå kraftuttaket på traktoren. Nokra var toaksla, med fire hjul, medan andre var enkelaksla der fronten vart boren oppe av traktoren, som ein enkeltaksla traktortilhengar (påhengsvogn). Dette var som oftast vaiermaskinar, der bommen og stikka vart operererte av vinsjar og ståltau. Men det fanst òg nokre hydrauliske slepegravemaskinar.
Den fyrste norskproduserte gravemaskina var ei slepevaiermaskin, utvikla av bureisaren Trygve Moi på Klepp[1]. Den fyrste maskina var klar våren 1949 og vart kalla «Moldvarpen». Maskina vart sett i produksjon. Kor mange maskinar som var produsert er ikkje kjend, men i 1952 vart det bygd nye produksjonslokar[1].