Volkhov
| Volkhov | |||
| Волхов | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 108 km² | ||
| Folketal | 37 337 (1. januar 2025)[1] | ||
| Grunnlagd | 1918 | ||
| • Bystatus | 1933 | ||
| Retningsnummer | +7 81363 | ||
![]() Volkhov 59°55′00″N 32°20′00″E / 59.916666666667°N 32.333333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Volkhov | |||
Volkhov (russisk Волхов) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg 122 kilometer aust for St. Petersburg.
Volkhov ligg ved elva Volkhov, som var ei viktig ferdselsåre for skandinaviske vikingar på veg til Novgorod og Bysants. Her vart slagordet til Lenin om at «kommunisme er sovjetmakt og elektrifisering» delvis realisert ved bygging av det første vasskraftverket i Sovjetunionen, som opna 19. desember 1926 og eit aluminiumsverk som stod ferdig i 1932.
Elva Volkhov har utspring i innsjøen Ilmen og er 224 km lang, med utløp i den største innsjøen i Europa, Ladoga, 25 km nord for Volkhov.
10 km nord for Volkhov ligg Staraja Ladoga, som var den første hovudstaden i det russiske riket, grunnlagd om lag 753.
Volkhov har inngått venskapssamarbeid med Vefsn kommune i Nordland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026
- Delar av denne artikkelen bygger på «Volkhov» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.
