close
Hopp til innhald

Countryblues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Countryblues (òg kalla folkblues, rural blues, backwoods blues eller downhome blues) referer til alle akustiske, hovudsakleg gitarbaserte former for blues.[1] Etter at bluesen oppstod i det sørlege USA, spreidde han seg raskt rundt om i landet (og andre stader), og har vorte opphav til mange regionale stilar. Desse omfattar Memphis, Detroit, Chicago, Texas, Piedmont, Louisiana, West Coast, Atlanta, St. Louis, East Coast, Swamp, New Orleans, Delta og Kansas City-blues.

Artistar som Blind Lemon Jefferson (Texas), Charley Patton (Mississippi), Blind Willie McTell (Georgia) var nokre av dei fyrste til å spela inn bluessongar på 1920-talet. Countryblues fanst parallelt med urban blues, som var populær i byane.[2]

Historikaren Elijah Wald merka seg mange likskapar mellom blues, bluegrass og country & western-stilar med røter i dei amerikanske Sørstatane.[3] Plateselskap på 1920- og 1930-talet skilde musikarar nøye etter rase, og definerte stilar for publikum som var skilt på same viset.[4] Over tid utvikla musikken til svarte og kvite på landsbygda seg i ulike retningar. Artistar som Bobby Bland, Ray Charles og Willie Nelson har sørga over skiljet.[3]

Folkloristen Alan Lomax var ein av dei fyrste til å bruka omgrepet om eit feltopptak han gjorde av Muddy Waters ved Stovall-plantasjen i Mississippi i 1941.[2] I 1959 skreiv musikkhistorikaren Samuel Charters boka The Country Blues, eit innverknadsrikt akademisk verk om emnet.[5] Han produsert også eit album, også det med tittelen The Country Blues, med tidlege innspelingar av Jefferson, McTell, Sleepy John Estes, Bukka White og Robert Johnson.[6]

Kjende countryblues-artistar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Gordon, Reverend Keith A. (23. mai 2019). «Country Blues Style Characteristics and Artists». Liveaboutdotcom. Arkivert frå originalen 7. august 2011. Henta 15. juli 2019.
  2. 1 2 Gordon, Robert (2002). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. New York City: Little, Brown. s. 38–39. ISBN 0-316-32849-9.
  3. 1 2 Wald 2010, s. 1589.
  4. Wald 2010, s. 1391.
  5. Gioia, Ted (2008). Delta Blues (Norton Paperback 2009 utg.). New York City: W. W. Norton. s. 351–352. ISBN 978-0-393-33750-1.
  6. Christensen, Thor (19. november 2011). «Dallas Church Preserving the Legacy of Robert Johnson». Nytimes.com. Henta 12. august 2022.