close
Hopp til innhald

Vjazniki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjazniki
Вязники
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Høgd 130 m
Areal 40,75 km²
Folketal 33 815 (1. januar 2025)
Bystatus 1778
Postnummer 601440–601446
Retningsnummer +7 49233
Kart
Vjazniki
56°14′36″N 42°07′45″E / 56.243333333333°N 42.129166666667°E / 56.243333333333; 42.129166666667
Wikimedia Commons: Vyazniki

Vjazniki (russisk Вязники) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg på ei høgd på sørsida av elva Kljazma, rundt 110 km aust for Vladimir (146 km med bil).

I 1802 vart han slått den nedlagde festninga Jaropoltsj og handelsslobodaen Vjazniki slått saman.

Den strategiske høgda over elva Kljazma var særs viktig for forsvaret av vegane mot den russiske mellomalderhovudstaden Vladimir. Ei festning vart derfor bygd der på 1100-talet, truleg rundt 1130. Festninga Jaropoltsj var kalla opp etter ein fyrste som heitte Jaropolk. Ho låg rundt midtvegs mellom dei næraste elvehamnene ved Kljazma: Starodub-na-Kljazme og Gorokhovets.

Mongolane øydela festninga på 1200-talet. Nesten gong ho vart nend var i 1389, i traktaten mellom Vasilij I og onkelen hans Vladimir den skalla. Ved folketeljinga i 1672 hadde Jaropoltsj berre 133 innbyggjarar og i 1703 vart han øydelagd av brann. Den gamle busetnaden vart etter dette dominert av handelsslobodaen Vjazniki, som låg noko lågare på høgda og som hadde vore kjend sidan 1300-talet. I 1778 fekk Vjazniki byrettar.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste landemerket er Maria bodskapskyrkja, oppført mellom 1682 og 1689. Rundt 30 km frå byen ligg landsbyen Mstjora, eit leiande senter for russisk folkekunst og handverk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vjazniki