West Dunbartonshire
Utsjånad
| West Dunbartonshire | |||
| Wast Dunbairtonshire Siorrachd Dhùn Breatann an Iar | |||
| region | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Konstituerande land | |||
| Adm.senter | Dumbarton | ||
| Areal | 158,7514 km² | ||
| Folketal | 88 930 (2019)[1] | ||
![]() West Dunbartonshire 55°59′24″N 4°30′54″W / 55.99°N 4.515°W | |||
| Wikimedia Commons: West Dunbartonshire | |||
West Dunbartonshire[a] er ein av 32 regionar i Skottland. Regionen grensar til i vest til City of Glasgow, og fleire av forstadane til Glasgow ligg her. I tillegg grensar han til Argyll and Bute, Stirling, East Dunbartonshire og Renfrewshire.
Regionen vart oppretta i 1996 frå delar av den tidlegare regionen Strathclyde, nemleg distrikta Clydebank og Dumbarton utanom Helensburgh-området. Regionen fekk i det opphavlege lovvedtaket frå 1993 namnet Dumbarton and Clydebank, men dette vart i 1995 endra til West Dunbartonshire.[2]
Regionen består hovudsakleg av tre delar: byane Dumbarton og Clydebank og distriktet Vale of Leven.
Administrasjonsstad i West Dunbartonshire er Dumbarton, men Clydebank er den største byen.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ låglandsskotsk Wast Dunbartonshire, skotsk-gælisk Siorrachd Dhùn Breatainn an Iar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «West Dunbartonshire» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
