Angelo Peruzzi
|
Peruzzi in 2010 | ||||||||||||||||
| Personleg informasjon | ||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Fullt namn | Angelo Peruzzi[1] | |||||||||||||||
| Fødselsdato | 16. februar 1970 (56 år) | |||||||||||||||
| Fødestad | Blera | |||||||||||||||
| Høgd | 1,80 m[2][3] | |||||||||||||||
| Posisjon | Goalkeeper | |||||||||||||||
| Seniorkarriere* | ||||||||||||||||
| År | Lag | Kampar | (Mål) | |||||||||||||
| 1987–1991 | Roma | 16 | (0) | |||||||||||||
| 1989–1990 | → Hellas Verona (lån) | 29 | (0) | |||||||||||||
| 1991–1999 | Juventus | 208 | (0) | |||||||||||||
| 1999–2000 | Inter Milan | 33 | (0) | |||||||||||||
| 2000–2007 | Lazio | 192 | (0) | |||||||||||||
| Totalt | 478 | (0) | ||||||||||||||
| Landslag | ||||||||||||||||
| 1989–1992 | Italia U21 | 10 | (0) | |||||||||||||
| 1995–2006 | Italia | 31 | (0) | |||||||||||||
Utmerkingar
| ||||||||||||||||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | ||||||||||||||||
Angelo Peruzzi fødd 16. februar 1970 er ein italiensk fotballspelar og trenar. Han var målvakt på det suksessrike Juventus-laget i tida 1991-99, eit mannskap som spelte seg fram til fem finalar i europeiske klubbturneringar, to av dei enda med triumf. I tida 1995-2005 var han landslagsmålvakt i 31 kampar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Peruzzi var aktiv i AS Roma, Hellas Verona, Juventus, FC Inter og SS Lazio. Med Juventus vart han seriemeister tre gongar og han var med om å vinne UEFA-cupen 1993, Meisterligaen 1996 og den nasjonale cupmeisterskapen i 1995. Han spelte også finalen i UEFA-cupen 1995 og i meisterligafinalen i så vel 1997 som i 1998. Sidan vart Peruzzi nasjonal cupmeister 2004 med Lazio, etter samanlagt 4-2 over Juventus.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Peruzzi deltok på Italia sitt OL-landslag i 1992. Han debuterte på A-landslaget i mars 1995 og spelte 26 kampar i tida fram til Italia fekk besøk av Noreg til vennskapskamp i Pisa 10. februar 1999. I den fireårsperioden vakta han Italias mål under EM i fotball 1996. Etter fem år utan landskamp fekk Peruzzi stå i mål for Italia i fem kampar i 2004-05. Han var med i EM-troppa 2004 og den suksessrike VM-troppa 2006, utan å kome på bana i korje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Angelo Peruzzi» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2020.
- ↑ «2006 FIFA World Cup Germany: List of Players: Italy» (PDF). FIFA. 21 March 2014. s. 15. Arkivert frå originalen (PDF) 10 June 2019.
- ↑ «Peruzzi, Angelo Peruzzi - Footballer». www.bdfutbol.com. Henta 20. juli 2021.
- ↑ «Profile of A. Peruzzi: Info, news, matches and statistics | BeSoccer». www.besoccer.com (på engelsk). Henta 20. juli 2021.