close
Hopp til innhald

Dalmatovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalmatovo
Далматово
by
Foto: Sergej Narukov (Сергей Наруков)
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kurgan oblast
Areal 170 km²
Folketal 11 172 (2025)[1]
Grunnlagd 1644
   Bystatus 1947
Retningsnummer +7 35252
Bilnummer 45
Kart
Dalmatovo
56°16′00″N 62°55′00″E / 56.266666666667°N 62.916666666667°E / 56.266666666667; 62.916666666667
Wikimedia Commons: Dalmatovo

Dalmatovo (russisk Далма́тово) er ein by i Kurgan oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Iset, ei sideelv til Tobol, rundt 180 km nordvest for Kurgan.

Dalmatovo i 1912. Bilete av Sergej Prokudin-Gorskij.

Dalmatovo vart grunnlagd i 1644 som ein sloboda ved eit kloster grunnlagd og kalla opp etter munken Dalmat (derfor bynamnet). Seinare vart denne slobodaen busetnaden Dalmatovskoje (russisk Далма́товское). Dalmatovo er kjend som eit av dei første sentera for russisk ortodoksi, skrivekunnskap og russisk kultur i den transuralske regionen på tidleg på 1700-talet. Han var òg ein eksilstad for enkelte gammaltruande. I 1781 fekk Dalmatovo bystatus, for så å verte nedgradert til landsby igjen i 1797. På 1800-talet var Dalmatovo kjent som eit senter for dyrking av agurkar og sanking av humle. I 1947 fekk Dalmatovo igjen bystatus.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dalmatovo