close
Hopp til innhald

Khimki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khimki
Химки
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Høgd 180 m
Areal 109,79 km²
Folketal 259 399 (2025)
Grunnlagd 1850
   Bystatus 1939
Postnummer 141401–141421
Retningsnummer (+7) 495
Kart
Khimki
55°53′21″N 37°26′42″E / 55.889166666667°N 37.445°E / 55.889166666667; 37.445
Wikimedia Commons: Khimki

Khimki (russisk Химки) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 260 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Moskva sentrum, ved sidan av Moskvakanalen.

Byen Khimki vart offisielt grunnlagd i 1939 rundt ein jernbanestasjon med same namn som hadde eksistert sidan 1850 på ruta mellom St. Petersburg og Moskva. Khimki ligg no direkte ved grensA til byen Moskva.

Etter den andre verdskrigen vart Khimki vertsby for fleire sovjetiske utviklingssentera innan romfart og forsvar, som var dei primære arbeidsgjevarar for størsteparten av innbyggjarane. Av denne grunnen var Khimki utilgjengeleg for alle utlendingar som vitja Sovjetunionen, trass i at byen låg ved hovudvegen mellom Moskva og den viktigaste internasjonale lufthamna. Nokre romfartsbaserte utviklingssentera i Khimki bidrar for tida til eit program for den internasjonale romstasjonen ISS.

I dei siste åra har innbyggjarane i Khimki helde fram å vokse raskt, på grunn av massiv bustadbygging drive av nærleiken til Moskva, som er tett folkesett og treng nye område å ekspandere på.

Byen nyt godt av mykje handelsverksemd på grunn av plasseringa mellom Moskva og ein av hovudflyplassane, Sjeremetjevo. I Khimki ligg eit av dei to største kjøpesentera i Russland, med den franske handelskjeda Auchan og den svenske møbelkjeda IKEA.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Khimki