close
Hopp til innhald

Maskanah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maskanah
مسكنة
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt Manbij
Nahiyah Maskanah
Koordinatar 35°57′47″N 38°02′08″E / 35.963158°N 38.035566°E / 35.963158; 38.035566
Folketal 15 477 (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Maskanah
35°57′47″N 38°02′08″E / 35.963158°N 38.035566°E / 35.963158; 38.035566
Kart som viser Maskanah.
Kart som viser Maskanah.
Kart som viser Maskanah.

Maskanah (arabisk مسكنة; òg skrive Meskene) er ein by nord i Syria i Manbij-distriktet i Aleppo guvernement. Byen ligg 100 km søraust for Aleppo ved Assadsjøen og Eufrat. Av stader i nærleiken finn ein Dayr Hafir, Humaymah Kabirah og Tell Ayoub i nordvest og al-Thawra i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Maskanah eit folketal på 15 477 i 2004.[1]

Bronsealderbyen Emar ligg nokre få kilometer nord for dagens by. Maskenah vart først nemnt av Stefanos av Byzantium i samband med felttoget til Septimius Severus mot Partia.[2]

Etter den muslimske erobringa av Syria kom byen i skuggen av den nærliggande Balis. Regionen var underlagt herskarane i Aleppo fram til 1100-talet då atabegane i Mosul fekk meir kontroll. Området vart øydelagd under mongolinvasjonane på 1200- og 1300-talet.[2] I 1210, under Ajjubide-dynastiet , vart al-Adil-minareten bygd. Mursteinsstårnet vart bygd i ein enkel, persisk arkitekturstil. Det vart bygd opp att under Hafez al-Assad sitt styre (1970-2000) og er eit av dei siste historiske byggverka att i byen.[3]

Under osmansk tid var området hovudsadkleg busett av nomadiske folk.[2] I 1838 vart Maskanah klassifisert som ein ruinlandsby («khirba») av den bibelske forskaren Eli Smith.[4] Jordbrukslandskapet i Aleppo vilajet, inkludert Maskanah, vart konfiskert i 1876 av sultan Abdulhamid II som hans eige personlege eigedom. Landområdet vart seinare gjeve til staten som offentleg eigedom. I 1915 vart byen vitja av orientalisten Alois Musil og han nemner ei brakke, ein stor khan og ein telegrafteneste.[2]

Under det franske mandatet, var byen senter for ein qadaa og tente som eit senter for mjølkeproduksjon og kveghandel. I 1945 hadde landsbyen 430 innbyggjarar.[2]

Byen ligg på venstrebreidda av Eufrat i eit område der elva svingar austover på grunn av eit platå i nærleiken. Avstanden mellom byen og elva har variert med tida på grunn av endringar i elveleiet.[2] Maskanah ligg på grensa mellom Den syriske ørkenen i sør og den frodige Manbijsletta i nord.[2]

  1. 1 2 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-13 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
  2. 1 2 3 4 5 6 7 Elisséeff, N. (2012). «Maskana». Encyclopaedia of Islam, Second Edition. Brill Online. Henta 29. desember 2012.
  3. Al-'Adil Minaret Arkivert 2007-12-25 ved Wayback Machine.. Archnet Digital Library.
  4. Smith, 1841, s. 174.