Robinho
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Robson de Souza | ||
| Kallenamn | Robinho | ||
| Fødd | 25. januar 1984 | ||
| Fødestad | São Vicente | ||
| Høgd | 175 cm | ||
| Posisjon | Ving, angrep | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | AC Milan | ||
| Nummer | 70 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2002-2005 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2005-2008 2008-2010 2010- |
|
101 (25) 41 (14) 4 (0) | |
| Landslag | |||
| 2003- |
| 82 (25) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2010 | |||
Robson de Souza (fødd 25. januar 1984) er ein brasiliansk fotballspelar frå São Vicente. Han vert rekna for å vera eit av dei største fotballtalenta i verda. For tida spelar han for landslaget til Brasil, og for italienske AC Milan.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Robinho starta å spela for den brasilianske klubben Santos FC i 2002. Han heldt fram med å spela for Santos til 2005, då han signerte femårskontrakt med den spanske klubben Real Madrid. Etter kvart ytra Robinho eit ynske om å forlata klubben.
I september 2008 vart han seld til britiske Manchester City for 42 millionar euro. Frå januar 2010 fekk Santos låna Robinho i seks månader, før han vart seld til AC Milan den 31. august 2010.
Robinho har spelt på det brasilianske landslaget sidan 2003. Som landslagsspelar har han delteke i fotball-VM 2006 i Tyskland, Copa America i 2007 og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Under fotball-VM 2010 spelte han i kvar kamp Brasil fekk i konkurransen.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Robinho er gift med Vivian Guglielmetti. Dei har ein son i lag, som heiter Robson jr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Robinho.