Sandra Kim
| Sandra Kim | |||
| | |||
| Fødd | 15. oktober 1972 (53 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Saint-Nicolas (Belgia) | ||
| Fødenamn | Sandra Caldarone | ||
| Alias | Sandra Kim | ||
| Opphav | Belgia | ||
| Aktiv | 1986– | ||
| Sjanger | pop | ||
| Instrument | vokal | ||
| Verka som | songar, musikar | ||
| Prisar | Vinner av Eurovision Song Contest | ||
Sandra Caldarone, kjent som Sandra Kim (fødd 15. oktober 1972), er ein belgisk songar med italiensk bakgrunn som vann Eurovision Song Contest 1986 i Bergen då ho berre var 13 år gamal. Ho var den fyrste belgiske vinnaren av konkurransen, og den yngste vinnaren nokonsinne.[1][2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kim blei fødd i Montegnée, nær Liège, og byrja å synge då ho var sju år gammal. Far hennar kom frå landsbyen Torrebruna i Abruzzo i Italia.[3]
Eurovision Song Contest 1986
[endre | endre wikiteksten]Sandra Kim blei vald ut til å representera Belgia under Eurovision Song Contest 1986 i Noreg med songen «J'aime la vie».[4] kKim var den store favoritten i forkant av konkurransen, og blei følgd tett av norsk og utanlandsk presse. Det mest kjende med arrangementet var at Sandra saman med ei rekkje pressefolk tok turen med Fløibanen, men kom ikkje lenger enn til det nest siste stoppet før Fløien stasjon grunna eit tryggleiksproblem. Vogna seig eit par meter bakover før passasjerane måtte klatre ut av vogna; men inkje alvorleg hende.
Før sigeren hadde Kim fortald presse og produsentar at ho var 14 år. Men etter sigeren blei det kjend at ho berre var 13 år. Det var inga aldersavgrensing på denne tida, men Sveits, som blei nummer to, kravde at Belgia skulle bli diskvalifisert.[5] Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) tok ikkje protesten til følgje.[6] Frå og med 1990 innførte EBU 16-års aldersgrense for å delta, og dimed vil Sandra Kim forbli den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidene.[7][8]
Etter Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Kim avduka ein voksfigur av seg sjølv ved Historium i Brussel i 1986.[9]
I 1987 spelte ho i den belgiske filmen Les Fripiat, regissert av Chergui Kharroubi.[10] Ho framførte også musikk til denne filmen, «Je sais pourquoi».[11]
På byrjinga av 1990-talet presenterte ho fjernsynsprogrammet Dix qu'on aime med Alain Simons på RTL-TVI[12] Ho var medlem av juryen i to sesongar av Pour la gloire på RTBF.
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]I 1994 gifta Kim seg med Olivier Gerard, men dei skildest året etter.[13] Ho har vore gift med Jurgen Delanghe sidan 2001.[14]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- J'aime la vie (1986, fransk)
- Bien dans ma peau (1988, fransk)
- Balance tout (1991, French) / Met open ogen (1991, nederlandsk)
- Les Sixties (1993, fransk) / Sixties (1993, nederlandsk)
- Onvergetelijk (1997, nederlandsk)
- Heel diep in mijn hart (1998, nederlandsk, tosporssingel)
- Make Up (2011, engelsk og fransk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Aldersgrense i Grand Prix?». Fremover (Narvik). 5. mai 1986. s. 10.
- ↑ «Sandra Kim, Emma et Léonie - 'J'aime la vie' - RTBF Actus», RTBF (på fransk), henta 8. april 2026
- ↑ «Spéciale Italie: gros plan sur la solidarité belge». Rtbf.be. 9. april 2009. Henta 27. august 2018.
- ↑ «Pourquoi l'Eurovision est bien plus qu'une compétition musicale». Les Echos (på fransk). 14. mai 2021. Henta 20. mai 2021.
- ↑ O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest - The Official History. UK: Carlton Books. ISBN 978-1-84442-994-3.
- ↑ «Eurovision Song Contest - Bergen 1986». Den europeiske kringkastingsunionen. Arkivert frå originalen 7. januar 2026. Henta 12. september 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest Lausanne 1989». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 11. august 2017.
- ↑ «Grand Final: 1989, 1989, Eurovision Song Contest». BBC. Henta 11. august 2017.
- ↑ Joëlle Meskens (25. juli 1989). «l'historium de Bruxelles : j'aie, j'aime, j'aime la cire… Marquise de Beauffort». Le Soir. Henta 4. september 2016.
- ↑ «Les Fripiat - Belgique 1987 - sur Cinergie.be». Cinergie.be. Henta 30. mars 2024..
- ↑ Michel Cantigneaux. «Sandra Kim : songs, movies & awards ( on S.K. Songs & Co )». cantigneaux.be (på engelsk). Henta 30. mars 2024.
- ↑ Aurélie Parisi (2. juni 2020). «Détail d'article». DHnet. Henta 30. mars 2024..
- ↑ Houbrechts, Dirk (December 2001). «Sandra Kim». The Belgian Pop & Rock Archives. Flanders Music Centre.
- ↑ «Sandra Kim». Eurosong nieuwsbrief (på nederlandsk). DGW Internet Solutions. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 10. januar 2008.