Sjimanovsk
Utsjånad
| Sjimanovsk | |||
| Шимановск | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Amur oblast | ||
| Areal | 50 km² | ||
| Folketal | 16 178 (2023)[1] | ||
| Grunnlagd | 1910 | ||
| • Bystatus | 1950 | ||
| Retningsnummer | +7 41651 | ||
| Bilnummer | 28 | ||
![]() Sjimanovsk 52°00′00″N 127°40′00″E / 52°N 127.66666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Shimanovsk | |||
Sjimanovsk (russisk Шима́новск) er ein by i Amur oblast i Russland med om lag 16 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolsjaja Pjora, ei sideelv til Zeja, rundt 200 km nord for Blagovesjtsjensk.
Busetnaden vart grunnlagt i 1910 som Pjora. Namnet vart endra til Gondatti i 1914 og Vladimiro-Sjimanovskij i 1920. Han fekk bystatus i 1950 og namnet vart samstundes endra til det noverande Sjimanovsk.
Byen ligg ved den transsibirske jernbanen. Sjimanovsk lufthamn ligg 4 km sørvest for byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Sjimanovsk» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
