close

Etterkrigstida er den historiske perioden som starta i 1945 etter slutten på den andre verdskrigen og varte fram til omtrent 1990. Kronologisk fell perioden meir eller mindre saman med den kalde krigen. Berlinmurens fall i november 1989 markerer symbolsk slutten på denne, men Sovjetunionens kollaps og gjenforeininga av Tyskland i 1990/1991 er meir reelle tidsskilje. Konsekvensane av den andre verdskrigen som skapte rammene for etterkrigstida var i 1990 ikkje lenger avgjerande for samfunnsutviklinga i verdssamfunnet. Dermed var etterkrigstida over.

Faktaboks

Også kjend som

etterkrigstiden; etterkrigsperioden; etterkrigsåra

engelsk post-war; postwar period

Etterkrigstida har to ulike fasar. Den første varer frå etter krigen til slutten av 1960-åra, og er prega av relativt sterk politisk konsensus og høg og stabil økonomisk vekst. I 1970- og 1980-åra vart den økonomiske framgangen meir ustabil, og i denne perioden vart også dei politiske omskiftingane større. I norsk og nordisk historie blir etterkrigstida med unntak av utanriks- og tryggingspolitikk ofte avgrensa til tida fram til ca. 1970.

Perioden er prega av rivalisering mellom supermaktene USA og Sovjetunionen, integrasjonsprosessar i Europa og avkolonisering i det globale sør. Industrialiseringa spreidde seg i denne perioden over store delar av verda. Det same gjorde forbrukarsamfunnet, som hadde opphav i USA i mellomkrigstida. I vest voks det fram velferdsstatar med ulik grad av blandingsøkonomi der staten ved sida av marknad spelte ei viktig rolle. Levestandarden auka, men utviklinga fekk også negative konsekvensar for menneske og natur. Landa i sør tok eit steg inn i moderniteten ved industrialisering og tettare tilkopling til verdshandelen. Mens levestandarden vart høgare også i sør, auka kløfta mellom fattige og rike land, til dels på grunn av stor befolkningsauke.

I etterkrigstida kom gjennombrotet for likestilling for kvinner og minoritetar i vesten, og det skjedde overgang til demokrati i fleire land. Miljøvern kom også på den politiske agendaen.

Den kalde krigen

Både taparane (Tyskland med allierte) og sigerherrane (dei allierte) i Europa var betydeleg svekka etter andre verdskrigen, og det oppstod eit makttomrom i verdspolitikken. Spesielt USA evna å auke innflytelsen sin internasjonalt, og var no i motsetning til mellomkrigstida villig til å gjere det. Sovjetunionen såg sitt snitt til å ta kontroll over grenseområda i vest og forsterke sin posisjon utanfor Europa. Det voks fram ei bipolar verdsordning der dei to supermaktene prøvde å oppnå størst innflytelse.

Internasjonal politikk vart i heile perioden prega av den ideologiske striden mellom kommunisme og kapitalisme. Motsetningane mellom supermaktene førte til ei blokkdeling av Europa og oppretting av sovjetiske og amerikanske interessesfærar i andre verdsdelar (sjå austblokka og vestblokka). I grove trekk hadde ein på den eine sida kommunistlanda med planøkonomi og eittpartistat, mens på den andre sida dei kapitalistiske landa med marknadsøkonomi med frie val og politisk pluralisme.

Etterkrigstida vart da prega av stormaktsrivalisering med fasar av spenning og avspenning. Motsetningane hadde eit ideologisk bakteppe, men konkrete geopolitiske kriser som i Berlin og Aust-Europa i 1940-åra og Cubakrisa i 1961 bidrog til å auke spenningsnivået. Maktrivaliseringa kunne òg føre til krigshandlingar i land i sør med supermaktene som bakmenn, med Vietnamkrigen (1965–1973) og krigen i Afghanistan (1979–1989 som dei fremste eksempla.

Ei teknologisk følgje av stormaktskonflikten i atomalderen var eit nytt våpenkappløp og romkappløp, der atomvåpen og romfart spelte ei nøkkelrolle. Sovjetunionen lykkast med å få den første kunstige satellitten i verdsrommet, Sputnik i 1957, mens USA var først ute med å få eit menneske på månen i 1969. I 1950-åra gjekk våpenkappløpet inn i ein farleg spiral, men det kom aldri til væpna militær konfrontasjon mellom supermaktene. Tilstanden av vedvarande fred basert på jamne, militære styrkeforhold, mellom anna i atomvåpen, fekk namnet terrorbalansen. Ei alvorleg følgje av atomopprustinga var at det no vart mogleg å utslette alt liv på jorda, viss ein atomkrig skulle bryte ut.

Etterkrigstida var prega av militær integrasjon med forsvarspolitisk samarbeid mellom supermaktene og ei rekkje land. USA, Canada og vesteuropeiske land danna NATO i 1949, og organisasjonen vart eit mønster for liknande regionale avtalar mellom USA og andre verdsdelar. Til saman omfatta avtalane titals allierte og hundrevis av basar og andre militære installasjonar. Ei tilsvarande, men mindre omfattande utvikling skjedde på sovjetisk side. I 1950 inngjekk Sovjetunionen og den då mest folkerike staten i verda, Folkerepublikken Kina, ei vennskaps- og forsvarspakt, og i 1955 oppretta Sovjetunionen og austblokklanda Warszawapakta. Fleire land i sør som India og Indonesia ville ikkje ta side i den kalde krigen, og ei alliansefri rørsle vart danna i 1955.

Etter Cubakrisa i 1961 vart den kalde krigen fram til slutten av 1970-åra prega av opptining og avspenning. Avspenningspolitikken, kjent som détente, førte til ei rekkje internasjonale traktar og avtalar som hindra spreiing og vidareutvikling av atomvåpen, og seinare til nedrusting. I starten av 1980-åra eskalerte den kalde krigen og førte til ei kraftig opprusting på begge sider før avviklinga i annan del av 1980-åra.

FN, avkolonisering og den nye verdsordninga

Allereie under andre verdskrigen hadde dei allierte lagt planar for ein ny internasjonal organisasjonen, Dei foreinte nasjonane (FN). Det var den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt (1933–1945) som er grunnleggaren av og var pådrivaren bak FN, som vart formelt stifta i San Francisco i 1945. Målsetting i FN var å løyse internasjonale utfordringar i fellesskap og dermed skape fred og politisk stabilitet. I tillegg til Generalforsamlinga vart Tryggingsrådet etablert der dei fem allierte stormaktene hadde permanent plass og vetorett. Slik kunne stormaktene sikre stabilitet og fred i verda i tråd med deira eigne nasjonale interesser.

I tillegg jobba FN for å fremme økonomisk og sosial utvikling globalt. Dei fekk ei rekkje underorganisasjonar som dreiv med utviklingshjelp og anna humanitært arbeid. Overbefolkning, økonomisk underutvikling og analfabetisme kom på den politiske agendaen i FN, og organisasjonen gav hjelp til utsette grupper som kvinner, barn og flyktningar og var synleg til stads i katastrofeområde. Folkeretten vart vidare utvikla med etableringa av den internasjonale domstolen i Haag i 1946 og menneskerettserklæringa i 1948. Desse oppgåvene vart viktigare etter kvart som fleire land i Afrika og Asia fekk politisk sjølvstende i etterkrigstida. Talet på medlemslanda i FN auka frå 51 i 1945 til 159 i 1990 då dei fleste koloniane var blitt uavhengige statar.

FN var uttrykk for ei ny verdsordning basert i større grad på internasjonalt samarbeid enn tilfellet var i mellomkrigstida og i tida etter den kalde krigen. Likevel var perioden også prega av kolonialisme og krig, men i former karakteristisk for den kalde krigen. Både USA og Sovjetunionen utvikla seg som verdsimperium der Vest- og Aust-Europa vart integrert i kvart sitt imperium (vestblokka og austblokka). Mens innlemminga i Vest-Europa var frivillig og økonomisk motivert for eksempel gjennom gjenreisingshjelp frå Marshallplanen (1947–1951), var Aust-Europa tvinga inn i det sovjetiske imperiet. Det var snakk om eit jernteppe som delte Europa i to. Berlinmuren (1961–1989) var ein materiell manifestasjon av todelinga og sovjetisk tvangskolonisering.

Gjennom ei rekkje proxy wars – stadfortedarkrigar – der land i sør utkjempa slag der supermakter var innblanda – vart det globale sør hardt råka av supermaktenes imperiepolitikk. Det gjaldt Koreakrigen (1950–1953), Vietnamkrigen (1965–1973) og Afghanistankrigen (1979–1989). Fleire krigar i Midtausten var også uttrykk for ei styrkemåling mellom USA og Sovjetunionen, og den imperialistiske rivaliseringa gjekk også hardt utover Latin-Amerika og Afrika som var prega av politisk ustabilitet. Omgrepet nykolonialisme skildrar maktforholdet i etterkrigstida mellom spesielt USA og dei gamle koloniane. Formelt var dei gamle koloniane blitt suverene statar, men i praksis mangla dei politisk handlingsrom på grunn av sterke økonomiske band til USA eller til dei gamle, europeiske kolonimaktene.

Økonomisk vekst og integrasjon

Utviklinga av moderne kommunikasjons- og samferdselsteknologi, som radar, tv og flytransport, var med og la grunnlaget for sovjetisk og amerikansk imperiebygging. Den teknologiske infrastrukturen skapte tettare tilkopling nasjonalstatane seg i mellom og også mellom verdsdelane. Globalisering og ei internasjonal arbeidsdeling kjenneteiknar økonomien i etterkrigstida. Særleg mot slutten av perioden førte globaliseringa til ein sterk økonomisk integrasjon regionalt og globalt. USA spela ei førarrolle i globaliseringa, som ledande teknologimakt og pådrivar for friare handel med industrivarer.

Overgangen frå ein krigsøkonomi til ein fredsøkonomi vart lengre, men også meir vellykka samanlikna med situasjonen etter den første verdskrigen. Gjennom ulike hjelpeprogram som Marshallhjelpa klarte USA å gjenreise dei to store regionale aktørane i Asia og Europa som hadde tapt andre verdskrigen, Japan og Tyskland (det vil seie Vest-Tyskland).

Sterkare vesteuropeisk økonomisk integrasjon tok til med samordninga av kull- og stålproduksjon, og i 1957 kom Romatraktaten med etableringa av Det europeiske økonomiske fellesskapet (EF), føregjengaren til EU. Andre europeiske land som Norge etablerte eit frihandelsområde, EFTA i 1960, som også fremma økonomisk integrasjon. I løpet av etterkrigstida hadde dei fleste europeiske landa unntatt austblokklanda slutta seg til dagens EU. Det var no snakk om eit fellesskap med ambisjonar om tett samordning og overnasjonal styring av dei fleste politikkfelt slik det vart nedfelt i Maastricht-traktaten frå 1992.

Sjølv om USA oppmuntra og hadde økonomiske fordelar av europeisk integrasjon, var samordninga i kommunistlanda direkte underlagt den sovjetiske planøkonomien. Ein viss økonomisk integrasjon i aust skjedde gjennom organisasjonen COMECON (1949–1991), som også omfatta sovjetiske allierte i utviklingsland som Cuba og Vietnam.

Langt viktigare for land i det globale sør var USA som gjennom Bretton Woods-avtalen i 1944 hadde lagt rammene for ein ny internasjonal handelsorden med USA i leiarrolla. Dollaren vart den internasjonale handelsvalutaen og var forankra i gullstandarden, og institusjonar som Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) vart oppretta for å lette global handel. Landa i vest og sør slutta seg til Bretton Woods, og ordninga bidrog til stabile handelsforhold. Men kommunistiske land vart ikkje med, og Bretton Woods-avtalen forsterka dermed blokkdelinga i aust og vest.

Den økonomiske kontrasten mellom aust og vest vart svært synleg etter kvart som forbrukarøkonomien utvikla seg i dei kapitalistiske landa. USA hadde ved slutten av den andre verdskrigen om lag 40 prosent av verdsproduksjonen (BNP) og var i stand til å styre den globale økonomiske utviklinga til fordel for seg sjølv og sine allierte. Forbruket hos private hushald stod for godt over halvparten av BNP, og alt i 1950-åra hadde amerikanarane skaffa seg moderne forbruksvarer som bil, fjernsyn og mangfaldige elektriske kjøkkenreiskapar. Den kraftige økonomiske veksten i Vesten under dei første tiåra etter krigen er kjent som «kapitalismens gullalder». Det vestlege industrisamfunnet nådde eit klimaks med rekordstor økonomisk vekst. Med unntak av tung industriell produksjon fekk dei kommunistiske landa svakare økonomisk vekst og klarte ikkje å utvikle ein forbrukarøkonomi slik som i den kapitalistiske blokka.

I perioden var amerikanarane også store produsentar og konsumentar av massekultur som vart spreidd globalt og brukt som mjuk makt i den kalde krigen. Den demografiske utviklinga etter andre verdskrigen spesielt i USA var prega av høge fødselstal (babyboom) som også var med på å stimulere forbruksøkonomien. Vest- og nordeuropeiske land fekk fordelar av den kapitalistiske verdsøkonomien og bygde opp omfattande velferdsstatar. Utviklingslanda i sør opplevde rett nok absolutt økonomisk vekst, men veksten var ujamn, og det økonomiske gapet mellom nord og sør auka i perioden. Globalisering og moderne teknologi skapte fenomenet global village, den globale landsbygda, som gjorde befolkningane i fattige land medvitne om den aukande sosiale ulikheita trass i bistand frå i-land og FN.

Midt på 1970-talet kom det eit økonomisk tilbakeslag. Bretton Woods-systemet kollapsa, og økonomien fram til 1990 var prega av stagnasjon og ustabilitet. Tenestesektoren i Vesten blomstra rett nok, men det gjekk dårleg med industrien som i aukande grad flytta ut til land med betre produksjonsvilkår som billig arbeidskraft. Det var fleire land i Søraust-Asia som Sør-Korea og Taiwan, kjent som dei økonomiske tigrane, som overtok industriproduksjonen frå vest og opplevde stor økonomisk framgang i perioden. Latin-Amerika og Afrika vart derimot hardt ramma av krise og hadde stor utanlandsk gjeld og ofte nullvekst. Trass i periodar med lågare vekst oppnådde ein i etterkrigstida å utrydde den absolutte fattigdomen i nord og redusere han kraftig i sør.

Politiske og sosiale trendar

Politisk var dei vestlege demokratia frå 1945 fram til 1980 prega i varierande grad av ein aktiv stat. I USA kulminerte denne utviklinga i 1960-åra med president Lyndon Johnsons reformprogrammet, Great Society, mens sosialdemokratiet prega Vest-Europa, ikkje minst Norden. Eittpartistaten i kommunistiske land heldt stand, men i 1980-åra voks det fram kraftig motstand mot diktaturet i Aust-Europa, spesielt i Polen. I sør var det fleire land, mellom anna Cuba og Chile, som braut med den vestlege moderniseringsmodellen til fordel for sosialisme. Ofte kom brotet som ei følgje av frigjeringskrigar som i Indokina og Det sørlege Afrika.

1960- og til dels 1970-åra var ei oppbrotstid internasjonalt og er ofte omtalt som 1968-opprøret. Det var snakk om eit ungdomsopprør med studentar i spissen som retta seg mot autoritetar og normer i det etablerte samfunnet. Den yngre generasjonen kravde større toleranse for individuelle avvik frå den breie konsensusen om politikk og livsstil som prega Vesten i 1950-åra. Det vart eit mangfaldig opprør med innslag av antirasisme, pasifisme, antiimperialisme og feminisme, så vel som miljøaktivisme. 1968-opprøret var mest omfattande i Vesten, men fekk eit globalt omfang. Opprøret førte ikkje til politisk revolusjon, men fostra ein samfunnskritisk motkultur med større sosiale og kulturelle følgjer, spesielt for det vestlege samfunnet. Oppbrotet førte til større likestilling for farga minoritetar (til dømes borgarrettsrørsla i USA), kvinner og homofile, og eit aksept for større individualitet.

Avslutninga av etterkrigstida i Vesten var prega av ein politisk og kulturell reaksjon mot den aktive staten og dei nye verdiane frå 1968-opprøret. 1980-åra vart også prega av ei vending i utanrikspolitikk der avspenningspolitikken vart forkasta til fordel for opprusting. President Ronald Reagan (1981–1989) i USA og den britiske statsministeren Margaret Thatcher (1979–1990) stod i spissen for denne utviklinga som bante veg for ein liberalistisk politikk som kjenneteiknar den nye verdsorden som oppstod etter slutten på den kalde krigen. I Sovjetunionen sto Mikhail Gorbatsjov, Sovjetunionens siste statssjef, for ein radikal reformpolitikk (sjå glasnost og perestrojka) som undergrov det sovjetiske imperiet.

Avslutninga av den kalde krigen stadfesta at 1900-talet var det amerikanske hundreåret; det kunne no sjå ut som om det ikkje var noko samfunnsalternativ til den amerikanske modellen med frie val, fri handel og eit fritt næringsliv. Det gjekk ei bølgje med demokratiske reformer over verda i slutten av etterkrigstida. Diktatura i Sør-Europa som Spania og Portugal fall, og det same hende i Sør-Amerika og Asia, mellom anna i Brasil og Sør-Korea. Og etter Berlinmurens fall innførte austblokklanda fleirpartisystemet.

Men den politiske utviklinga var ikkje eintydig; religiøs fundamentalisme var også på frammarsj i slutten av etterkrigstida. Iran, ei regional stormakt og viktig amerikansk alliert, gjennomgjekk ein radikal islamsk revolusjon i 1979. Det var eit frampeik mot mindre politisk stabilitet og større kompromisslausheit i internasjonal politikk enn det som var tilfellet under terrorbalansen i den kalde krigen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Judt, Tony. Postwar: A History of Europe Since 1945. London: Penguin Press. 2005.
  • Westad, Odd Arne. The Cold War. A World History. New York: Basic Books. 2017.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg