I dag snakkar ein gjerne om det «skeive miljøet» heller enn det lesbiske og homofile miljøet. Dette fordi miljøet har blitt sterkt mangfaldiggjort og differensiert, og omfamnar heile LHBTI-spekteret (lesbiske, homofile, bifile, trans og intersex) og andre minoritetar på kjønns- og seksualitetsfeltet. Regnbogeflagget speglar denne utviklinga.
I dag vil ein kunne observere mange ulike variantar av regnbogeflagget. Dette signaliserer at sjølve regnbogen blir sett på som eit symbol for eit mangfaldig skeivt miljø. Variasjonane i utforminga av regnbogeflagga signaliserer likevel at det er eit behov for markering av separate identitetar i det skeive miljøet.
Døme på variasjonar er ein variant i beige og brune nyansar, som symboliserer bamsekultur, og ein variant i blått, svart og kvitt med eit raudt hjarte, som symboliserer lærkultur. Bamsekultur er ein subkultur i homobevegelsen som viser til homofile menn som er kroppslig omfangsrike og hårete. Lærkultur er ein subkultur i homobevegelsen for homofile menn som er opptatt av BDSM.
Den standardiserte utgåva med seks striper er likevel framleis den mest nytta, særleg på og kring dei store pridefeiringane. Etter at flagget kom til som symbol, har det blitt ein industri kring det, og flagget nyttast på nøkkelringar, smykke, skjorter og andre klesplagg.
Etter kvart har dei ulike skeive minoritetene utvikla eigne og meir spesialiserte flagg, til dømes eigne flagg for lesbiske, ikkje-binære og bifile. Slike flagg vert kalla stoltheitsflagg, og kan gjerne nyttast saman med regnbogeflagget.
Kommentarar (2)
skreiv Tore Dybing Myklebust
Hei.
Jeg stusser litt over manglende/feil historikk når det gjelder regnbueflagget.
Regnbueflagget har ikke alltid vært et pride-flagg. Flagget har bl.a. historie som det internasjonale samvirke/kooperativets flagg lenge før det ble knyttet til homobevegelsen.
Jeg er temmelig sikker på at en annen internasjonal organisasjon også har brukt (og bruker?) regnbueflagget som sitt symbol – før homobevegelsen – men husker ikke helt hvilken det er/var. Noe med fokus på barn og fredsarbeid – trur eg ...
Flagget har også en lang historie som symbol på fred, spesielt i Italia.
Dette bør komme frem i denne artikkelen hvis den skal være historisk korrekt. Flagget ble nok heller ikke "oppfunnet" av den nevnte amerikaneren.
Rett skal være rett! 🙂
Sjekk disse lenkene:
Sosialt arbeid. 1967 Vol. 41 Nr. 1-10 (nb.no)
Finnmark Tidende, tirsdag 22. august 1961 (nb.no)
Beste hilsen
Tore D. Myklebust
svarte Kjersti Kanestrøm Lie
Hei Tore. Vi skal få utvidet artikkelen med annen bruk, og tar med oss dine innspill i arbeidet. Tusen takk! Ha en god dag. Mvh. Kjersti
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.